Sivert Hansen Sunde () var ein norsk kjøpmann og politikar frå Flekkefjord. Han representerte Flekkefjord i Stortinget 1895-97.
Sunde var son til ein tømmermann. Sjølv var han handelsbetjent og bokhaldar i heimbyen frå han var 15 til 36 år gammal. Frå 1878 dreiv han eiga handelsverksemd og i 20 år framover. Sidan var han banksjef i Stavanger Privatbank si avdeling til 1917.
Sunde var medlem i Flekkefjord bystyre frå 1877 til 1914. Sju av desse 37 år var han ordførar i byen. Attåt hadde han fleire kommunale verv, og nokre i privat verksemd. Tingperioden 1895-97 var han stortingsmann for Flekkefjord, vald for Høgre og Moderate Venstre. På Stortinget var han medlem i Næringskomite nr 2.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Agder 3. oktober 1923 Folketeljing 1910
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Folk frå Flekkefjord