Hamar katedralskole, til vanleg kalla «Katta», er ein vidaregåande skule på Hamar, som vart grunnlagd i 1153 av den pavelege utsendingen kardinal Nicolaus Breakspeare – den seinare pave Hadrian IV – med namnet Scola Cathedralis Hamarensis. Skulen vart lagd ned i 1602. Hamar fekk bystatus i 1848, og i 1876 fekk byen gymnas med namnet Hamar offentlige skole for høyere allmenndannelse. Skulen hadde realline, språkleg-historisk line og latinline. I 1936 fekk han det gamle namnet Hamar katedralskole.
Skulen i mellomalderen mini|Hamar domkyrkje slik Olaf Nordhagen trur ho såg ut. I 1153 kom den pavelege utsendingen kardinal Nicolaus Breakspeare, den seinare pave Hadrian IV, til Noreg og skipa erkebispesetet i Nidaros og bispesete i Oslo, Stavanger, Bergen og Hamar. Ved bispeseta vart det so skipa katedralskular, og dimed var utdanningstilbodet kome inn i riket med fastare former. Dei fem katedralskulane i Noreg heldt i same stunda fast på kontakten med dei katolske skulemiljøa ute i Europa.
Den fyrste kjende skulemeisteren på Hamar katedralskule var Andres Skulemeistare, nemnd i diplom frå 1333. Elles var mange av lærarane utlendingar, og mange av elevane ved katedralskulen på Domkyrkjeodden fór or landet for å studera. Ved universitetet i Lepzig finn ein t.d. i 1426 Johannes Hamaren de Norvegia. Og i Rostock: Thorlauus Thorderi de Hamaria (1460), Torgarus Tydechini de Hammaria (1475). I København: Olaus Martini Norwegianus Hammarensis (1580) og Eberhardus Johannis Norweg (1601).
Reformasjonen fekk bispesetet i Hamar til å leggja ned, men det vart avgjort at skulen skulle verta teken vare på. Elevane vart sette til å formidla bodskapen i kyrkja til ålmugen. Ettersom tida gjekk kom domkyrkja til skade, og i 1567 vart ho øydelagd av svenskane. Medan svenskane naut sigeren skal ein «heimevernsstropp» med katedralskuleelevar ha kome til syne, som gjekk til åtak mot ei gruppe svenskar som feira. I juli 1584 vart skulen flytt til Vang, av di det ikkje lenger var noka kyrkje i Hamar. Ein går ut frå at han låg på Dystingbo gard, like ved Vang kyrkje. I 1584 gjekk det 26 elevar på skulen. I 1602 vart han flytt til Oslo og slegen saman med katedralskulen der. Sjå Oslo katedralskole.
Hamarkrøniken skildrar skulen slik: «Item udaf Communet og til Kierkegaardens Port kunde man gaa under lukket Tag i Skolen. Item straks derhos var Skolen med Skolegaarden uden for Kierkegaarden, og Skolen stod halvparten inde paa Kierkegaardsmuren og Skolegaarden uden for med skjønne Kammer og Stuer og med murede Kjeldere hos og var (det) saa ordentligen bygget og skikket at Bispen kunde staa udi sin Sal og høre paa naar Presterne eller Degnerne siunge, enten i Skolen, Kierken eller Klostret. Item hvilken som vilde holde sit Barn til Skolen udi Hammars By da kunde man faa et Aars Kost for 8 Skilling, men de tykte alligevel at give for meget, thi der vankede ikke mange rede Penger paa den Tid, men de gave Vare for Vare.»
Skulen i nyare tid mini|Hamar katedralskule ved Vestre Torg mini|Hamar katedralskule slik han såg ut mellom 1968–2007. Det nye skulebygget vert ført opp til venstre. mini|Hamar katedralskule hausten 2008 Den nyare historia til Hamar byrjar den 21. mars 1849. Våren 1852 vart det oppretta ein ålmugeskole for borna i byen, og i 1854 fekk Hamar ein jenteskule.
Mange foreldre ynskte eit vidaregåande skuletilbod, og i 1861 vart det oppretta ein såkalla borgarskule. Borgarskulen vart seinare til middelskule, og i 1874 tok dei fyrste elevane middelskuleeksamen. I 1876 vart middelskulen vida ut til gymnas, til Hamar offentlige skule for høyere allmenndannelse. Skulen hadde realline, språkleg-historisk line og latinline.
Den fyrste kvinnelege eleven som tok eksamen ved middelskulen, var Marie Holck i 1878. Den fyrste kvinnelege eleven på Hamar offentlige høyere almueskole var Anna Ree frå Stange. Ho byrja hausten 1885, men døydde våren etter av hjernehinnebrune. Då Hanna Østbye, den neste kvinnelege eleven, melde seg ved skulen, vart ho åtvara: «Husk Anna Ree som overanstrengte seg.» Hanna Østbye fullførte gymnaset og tok artium i 1891
Hamar offentlige høyere skole låg ved Vestre Torg, og bygningen vart vida ut med sidefløyer i 1915 for å laga rom for det aukande elevtalet. I 1936 fekk skulen det gamle namnet sitt attende, og namnet fekk halda seg tross skulereforma i 1974
Etter den andre verdskrigen auka elevtalet ved skulen dugleg, og i 1962 hadde Hamar katedralskule 1 200 elevar i 40 klasser med kring 70 lærarar. Undervisinga hende både på føremiddagen, på ettermiddagen og på kveldstid. I 1964 vart det vedteke å byggja eit nytt skulebygg på Lille Ajer. Skulen stod ferdig og vart teken i bruk i 1968. Den gamle skulen ved Vestre Torg vart riven i januar 1974.
Storskule Den 1. januar 2004 vart den studieførebuande Hamar katedralskule administrativt slegen saman med den kombinerte (med tilbod om både yrkesfagleg og studieførebuande utdanning) Ajer vidaregåande skule. Frå den 1. januar 2006 vart òg den yrkesfaglege Ankerskogen vidaregåande skule administrativt ein del av Hamar katedralskule. Hausten 2007 stod det fyrste byggjetrinnet for den nye storskulen klart for innflytting og skulestart, og hausten 2008 var heile skulebygget klart og dei tre skulane samla under eitt tak.
Hedmarks største: "Katta", som skulen vert kalla i daglegtale, er etter dette den største av dei fjorten vidaregåande skulane i Hedmark fylkeskommune. Han kan ha 1440 elevar og innsida har ei samla flatevidd på 27 000 kvadratmeter. I 2010 var 220 tilsette ved skulen. Av desse var kring 160 lærarar. Det framifrå skulebygget, liggjande i bydelen Ajer, vart bygt på tuftene etter gamle Hamar katedralskule og Ajer vidaregåande skule. Bygget kosta kring 640 millionar kroner, og er ein av dei større investeringane Hedmark fylkeskommune har gjort i skulebygg på 2000-talet.
Bygd på svensk idé: Etter idé frå Sverike og prosjektet "Skola 2000", vart den nye katedralskulen planlagd og bygd som ein baseskule. Under sluttprosjekteringa av skulen reiste det seg ein viss motstand mot dei opne planløysingane. Utfallet vart at flateviddene åt basane vart gjennomgåtte på nytt og har fått ei inndeling med faste vegger i staden for reolar som romskillere.
Moderne skulebygg: Nye Hamar katedralskule står fram som eit funksjonelt og moderne skulebygg som rommar eit breitt spekter av programområde, både yrkesfaglege og studiespesialiserande. Bygget skil seg ut med eit særskilt bibliotek og med spesialbygget for yrkesfag innan elektronikk, køyretøy og industriell produksjon.
Rektorane ved skulen i nyare tid
1878 – 1913: Carl Willoch Ludvig Horn 1914 – 1935: Karl Otto Nilsen 1936 – 1958: Einar Steen 1959 – 1971: Henry Ole Dørum 1972 – 1987: Theodor Abrahamsen 1988 – 2003: Tore Nordseth 2004 – 2005: Harald Hellum 2006 – 2008: Ingrid Juul Andersen 2009 – 2017: Stig Johannessen 2018 – d.d: Ingvild Rønn Sætre
Markante tidlegare elevar Nils Collett Vogt (1864–1937), diktar Tryggve Andersen (1866–1920), forfattar Øvre Richter Frich (1872–1945), journalist og forfattar Einar Vaage (1889–1973), skodespelar Halvor Solberg (1895–1974), meteorolog Hallvard Trætteberg (1898–1987), heraldiker Rolf Waaler (1898–2000), professor i arbeidspsykologi Nic. Stang (1908–1971), kunsthistorikar og filolog Per Imerslund (1912–1943), forfattar Sigurd Evensmo (1912–1978), forfattar Odd Solumsmoen (1917–1986), forfattar og litteraturkritikar Kaj Grjotheim (1919–2003), kjemikar Hallvard Eika (1920–1989), agronom, politikar og statsråd Sigmund Strømme (1923–2003), litteraturvitar og forlagsmann Gunnar Vada (1927–2018), politikar og stortingsrepresentant Ivar Giæver (1929–), nobelprisvinnande fysikar Kolbjørn Skaare (1931–2017), numismatikar og professor Ingvald Godal (1934–2019), politikar og stortingsrepresentant Arve Johnsen (1934–), industrileiar og politikar Gunnar Skirbekk (1937–), professor i filosofi Anne Lise Knoff (1937–2005), målar og grafikar Johan Arnt Elverum (1938–2017), økonom og politikar Thor-Eirik Gulbrandsen (1940–2014), politikar Knut Faldbakken (1941–), forfattar Halvor Moxnes (1944–), professor i teologi Tormod Haugen (1945–2008), forfattar og omsetjar Dag Fornæss (1948–), skøytelaupar Nils A. Røhne (1949–), politikar Wenche-Britt Hagabakken (1952-), forfattar Amund Sjøbrend (1952–), skøytelaupar Roger Andreassen (1957–), organist og kulturarbeidar Elisabeth Enger (1958–), jernbanedirektør Morten Andreas Meyer (1959–), politikar Jan Åge Fjørtoft (1967–), fotballspelar Stefan Faldbakken (1972–), filmregissør Matias Faldbakken (1973–), forfattar og biletkunstnar Lasse Sætre (1974–), skøytelaupar Eskil Ervik (1975–), skøytelaupar Anders Baasmo Christiansen (1976–), skodespelar Gyda Ellefsplass Olssen (1978–), internasjonal konkurranseskyttar og offiser Atle Gulbrandsen (1979–), journalist og motorsportutøvar Bendik Wold (1979–), journalist og forfattar Anette Trettebergstuen (1981–), politikar og stortingsrepresentant Even Wetten (1982–), skeiselaupar Mali Steiro Tronsmoen (1983–), politikar Joakim Jensen (1987–), ishockeyspelar Jon Arne Arnseth (1987–), skodespelar Mats Mostue (1989–), ishockeyspelar Martin Blakseth Huse, (1989–), ishockeyspelar Andreas Borud (1991–), leiar av Elevorganisasjonen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hamar katedralskole» frå , den 24. februar 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:11°E Kategori:60°N Kategori:Vidaregåande skular i Innlandet Kategori:Utdanning i Hamar