Nordest er ein tidlegare fransk produsent av anleggsmaskinarM. Julien og D. Bruno, Usine de construction mécanique Richier, puis Ford, actuellement Visteon et Sum-Tech et Arden-Equipement, Ministère de la culture, 2007.. Føretaket vart stifta av Paulin Richier i 1929 for å produsera betongblandarar og det vart oppført ein fabrikk på Montjoly-sletta i Charleville-Mézières i 1931. I 1933 vart sortimentet utvida med produksjon av vegvalsar. I 1946 vart det bygd ein ny monteringsfabrikk for gravemaskinar. Maskinane til Nordest selde bra og føretaket var ein periode ein av dei dominerande europeiske produsentane. Dette var i tida før hydrauliske komponentar vart tilgjengelege, så gravemaskinane til Nordest var linemaskinar, som nytta vinsjar og ståltau. I byrjinga av 1970-tallet vart linemaskinane utkonkurrerte av hydrauliske gravemaskinar. Richier selde då fabrikkane sine i Charleville-Mézières til Ford, som starta produksjon av traktorgravarar der.
Referansar
Kategori:Gravemaskinar Kategori:Tidlegare franske føretak Kategori:Tidlegare gravemaskinprodusentar