Inger Merete Hobbelstad () er ein norsk kulturjournalist og skribent. Ho har sidan 2022 hatt stillinga som kulturkommentator i NRK.
Liv og virke Hobbelstad er frå Hokksund i Buskerud. Ho har mastergrad i litteraturvitskap med ei oppgåve om Iliaden av Homer.
Hobbelstad arbeidde fleire år som kulturjournalist og i Dagbladet. Hausten 2014 fekk ho fast jobb som kommentator i avisa. I 2022 gjekk ho til stillinga som kulturkommentator i NRK.
Under filmfestivalen i Haugesund 2012 mottok Hobbelstad «for å skrive innsiktsfulle anmeldelser og kommentarer preget av godt begrunnede vurderinger og med stor integritet». Same år var ho bidragsytar til boka .
I 2018 blei Hobbelstad tildelt Riksmålsforbundets pris Gullpennen.
Bibliografi 2016 – Å leve med Shakespeare - essays, Tiden ISBN 978-82-10-05511-9 2019 – Årene med Elizabeth, Kagge ISBN 978-82-489-2417-3 2021 – De greske mytene - guder og helter fra de gamle fortellingene, JM Stenersen ISBN 9788272017353 2023 – Glasskongen, Egmont Forlag ISBN 9788242977823 2022 – Krigen om Troja : guder og helter fra de greske mytene, JM Stenersen ISBN 9788272017711 2023 – Odyssevs reise, JM Stenersen ISBN 9788272018084
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inger Merete Hobbelstad» frå , den 10. mars 2025.
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Journalistar i Dagbladet Kategori:NRK-journalistar Kategori:Folk frå Øvre Eiker