Orabel Josephine Thortvedt () var ein norskætta amerikansk kunstnar, målar, skulptør og lokalhistorikar. Mykje av arbeidet hennar fokuserte på migrasjonshistoria og pionerlivet til familien i Minnesota.

Biografi Orabel Josephine Thortvedt blei fødd i i Minnesota som dotter av Levi og Ingeborg. Ho hadde fire sysken, brørne Goodwin og Norman og systrene Eva og Stella.

Farfaren til Thortvedt, Olav Geitestad (Thortvedt), leia i 1860 ein ekspedisjon med nesten 100 nordmenn frå Fyresdal i Telemark og emigrerte med store delar av familien til Houston County i Minnesota i USA. Ti år seinare reiste familien til Nord-Minnesota der det fortsett var ope land og mogleg å busette seg der ein ønskte. Rundt garden deira i Clay County oppstod Buffalo River Settlement, som var ein av dei sentrale norske busetnadane i Midtvesten. Denne migrasjonshistoria opptok Orabel heile livet og blei skildra av ho i mange forteljingar, måleri, teikningar og meir enn 60 utklippsbøker.

I tenåra mista Thortvedt mykje av høyrsla, det var då ho for alvor byrja å skrive, teikne, måle og skulptere. Ho lærte å lese på leppene på ein skule for døve i Minneapolis. Ho fekk stipend til å studere kunst og kreativ skriving ved Minneapolis School of Art og University of Minnesota. Thortvedt byrja å skrive dagbok i 1923 og manuskriptet til familiesagaen Red River Girl blei påbegynt i 1930. Alle forsøk på å få Red River Girl publisert feila, men ho fortsette med omskriving og bearbeiding av manuskriptet så lenge ho levde. Ho livnærte seg på å lage dyreportrett av kjæledyra til velståande familiar dei åra ho budde i Minneapolis. Etter at foreldra døydde i 1938 vende ho tilbake til familiegarden Thortvedt Farm i Clay County. I tillegg til å dokumentere livet til nybyggjarar i området måla ho ofte familiegarden og omgjevnaden. Ho produserte ein serie med takkekort i akvarell og måla fuglar på kvitt porselen. I leire frå Red River Valley skar ho ut figurar i naturlig storleik, ofte gjorde ho dette direkte i leirebreiddene til Buffalo River og fotograferte då verket før det blei vaska bort av vêr og vind.

Arbeidet til Thortvedt har bidradd til ei betre forståing av amerikansk immigrasjonshistorie og særleg den norske immigrasjonen til Red River Valley. I 2021 mottok Tilman Hartenstein, Lene Teigland Kleivi og Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark museum Clay County Heritage Award for arbeidet om Orabel Thortvedt.

Bibliografi 1977: Candles in the wind. Hack, Edris Probstfield. Illustrasjoner: Orabel Thortvedt

Utstillingar 1934: Utstilling. Minnesota State Fare Utstilling. Midwest Invitational exhibit, Rourke Art Gallery.

Litteratur 2000: Paintings by Minnesotans of Norwegian background 1870-1970. Nelson, Marion John. (Norwegian-American Historical Association). ISBN 0-87732-090-X 2020: Red River Girl: the art of Orabel Thortvedt/Jenta ved Red River: Orabel Thortvedt og kunsten hennar. (Vest-Telemark museum). ISBN 9788269014266 2024: Prairie Daughters: The Art and Lives of Annie Stein and Orabel Thortvedt. Krueger. Pheil & Vedaa. (Historical and Cultural Society of Clay County).

Utstillingar om Orabel 2013: Prairie Daughters: The Art and Lives of Orabel Thortvedt and Annie Stein. Historical and Cultural Society of Clay County (HCSCC) i Moorhead, Minnesota, USA. 2018: Red River Masters: The Birth of the F-M Art Scene. Hjemkomst Center, Moorhead, Minnesota, USA. 2020/21: Red River Girl. Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Orabel Thortvedt» frå , den 12. mars 2025.

Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Folk frå Minnesota