Mimi Krag () var ein norsk kokebokforfatter, sakprosaforfattar og interim for dronning Maud.

Teneste ved hoffet Etter unionsoppløysinga i 1905 tenestegjorde Mimi Krag som interim hoffdame for dronning Maud. Mannen hennar, , var blitt utnemnd til adjutant for kong Haakon etter unionsoppløysinga.

Både Mimi og Hjalmar Krag mottok for å ha vore med på førebuingane til kroninga av kongeparet.

Forfattarskap Mimi Krag si fyrste bok var På hytta : råd og veiledning for behandling av hus, klær, mat og utrustning (1928), som er ei praktisk rettleiing for hytteeigarar og friluftsentusiastar. Boka opnar med råd om korleis ein kan unngå fukt og fuktskadar, og korleis det er meir økonomisk å rive og blande målinga sjølv, enn å kjøpe ferdig måling. Vidare blir det gjeve råd om alt frå tjuverisikring og søppelhandtering til matlaging, stell av jakthundar og -gevær, og eigna utrusting til små og lengre fotturar. Boka inneheld også eit kapittel med oppskrifter.

I 1929 gav Mimi Krag ut to bøker: den eine er Fiskeboken, som er ei rein oppskriftsbok der forfatteren innleiingsvis slår eit slag for fisk og sjømat som sunt, godt og ikkje minst billeg. I Folkeskikk : man skal og man skal ikke deler Krag reglar om alt frå førebuingar til og gjennomføring av selskap – deriblant bryllaup og konfirmasjonar – til forholdet mellom herskap og tenarar i tillegg til god «telefonkultur». I kapittelet om telefonen tek ho blant anna eit oppgjer med dei som ikkje presenterer seg når personen dei har ringd opp, svarer: «Den som ringer op vet nemlig alltid hvem han har ringt op til. – Hvem der ringer op vet den opringte part ikke – vi har ennu ikke billedtelefon – heldigvis.» Ho presiserer samstundes at den som mottek ei telefonsamtale, aldri bør gje informasjon til nokon som ikkje startar samtala med å presentere seg: «man kan gå ut fra at det er en innbrudstyv, som vil undersøke om huset er tomt».

I 1930 kom den fjerde boka til Mimi Krag, Matmonsens sesonger : kalender for husmødre. Dette er ei oppskriftsbok der Krag innleiar kvart kapittel og kva oppskrift nærmast med små essay. I kapittelet «Vårnyheter» taler Krag blant anna varmt om bruk av brennesler, skvallerkål og andre ville vekster i kostholdet, i likskap med kva mange norske matskribentar og kokebokforfattarar har gjort og gjer på 2000-talet.

I boka Legg vin : bruk norske frukter og bær (1932) innleiar Mimi Krag med å vise til praksis i andre europeiske land, og går vidare til å gjere rede for gjæringsprosessen og for korleis alkohol blir danna. Ho gjer reie for ulike typar utstyr og for kva som kan gå galt under vinlegginga; blant anna kan det danne seg eddiksyre, vinmugg, mjølkesyre eller svovelvatnstoff. Forutan bruk av norske frukt- og bærsortar nemnar on også at ein kan bruke tørka frukt, herunder importerte fiken, som råstoff.

I 1933 gav Mimi Krag ut si siste bok, Smørbrødboken, som blir innleia slik: «Smørbrød er fellesbetegnelsen for hundreder av forskjellige anretninger.» Litt seinare i forordet slår Krag fast: «Selv om vi setter op den flotteste smørbrødmenu med vin, blir det billigere og lettvintere end alt annet.» Boka tek for seg alt frå enkel turmat til forseggjort selskapsmat, og Krag understreker blant anna at restemat eignar seg ypperleg på smørbrødet.

Bibliografi

1928: På hytta : råd og veiledning for behandling av hus, klær, mat og utrustning, Jacob Dybwads forlag 1929: Fiskeboken, Jacob Dybwads forlag 1929: Folkeskikk : man skal og man skal ikke, Jacob Dybwads forlag 1930: Matmonsens sesonger : kalender for husmødre, Jacob Dybwads forlag 1932: Legg vin : bruk norske frukter og bær, Jacob Dybwads forlag 1933: Smørbrødboken, Jacob Dybwads forlag

Familie Mimi Krag tilhøyrde Heiberg-slekta. Ho var oppvaksen på Bjølsen hovudgård og dotter av juristen Carl Johan Heiberg (1844–1914) og dyreaktivisten Claudine Sophie Emilie Meinich (1850–1932).

I 1896 gifta ho seg med .

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mimi Krag» frå , den 19. mars 2025.

Kategori:Norske kokebokforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske hoffdamer Kategori:Folk frå Oslo