mini|Traktoren som Gougis demonstrerte i 1907. Albert Gougis var ein fransk gardbrukar og akademikar som er kjend for å ha utvikla den fyrste traktor med effektuttak, for å driva reiskapar som slåmaskinar og sjølvbindarar med motoren til traktoren.
Gougis dreiv føretaket A. Gougis Fils i Auneau i departementet Eure-et-Loir i regionen Centre-Val de Loire. Dei produserte jordbruksmaskinar som radsåmaskiner og gjødselspreiararM. Bonaventure, La prise de force est une invention française, Invention – Europe, 7- februar 2017.. Albert Gougis, som var utdanna ingeniør, tok over føretaket frå far sin i 1875. På denne tida vart jordbruksmaskinar som slåmaskinar, sjølvbindarar og slepetreskjarar dregne av hestar, så knivbjelken, haspelen etc. vart drivne frå eit sokalla «køyrehjul», som hadde ein diameter på rundt 90 cmN. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.. Gougis hadde lagt merke til at dette ikkje fungerte så godt når marka var våt. Når det var tjukt gras eller tjukk åker arbeidde knivstonga for sakte og maskinane køyrde seg ofte fast. Traktorar hadde enda ikkje vunne innpass i jordbruket, men problemet med at maskinane køyrde seg fast når det var vått ville vera det same anten dei vart dregne av hestar eller ein traktor. Ei løysing kunne ha vore å montera ein separat motor på haustemaskinane, men motorar var heller ikkje utbreidde på denne tida. Om ein hadde fleire maskinar, til dømes slåmaskin og sjølvbindar, vart det for dyrt med separate motorar for kvar maskin og ein laut flytta motoren mellom maskinane, noko som var tungvint.
For å bøta på dette bygde Gogis i 1905 ein traktor av bildelar og tok til å eksperimentera med å driva reiskapen direkte frå motoren på traktoren, via ein kardanaksling. Traktoren ville då erstatta både hestane og ein eventuell separat motor. Han heldt fram med eksperimenta sine i 1906 og i 1907 demonstrerte han ein prototype, som vart verdas fyrste traktor med effektuttakA. Gougis, Nouveau tracteur agricole, Journal d'agriculture pratique, 1907, vol. 2, ss. 215-217.Cherouvrier, J. og Noulin, J., Tracteurs du monde de 1853 à nous jours, 2. utg., ETAI, 2004.. Før Gougis innførte krafuttaket var reimskiva den einaste måten å driva eksterne maskinar, via ei flatreim. Effektuttaket på traktoren til Gougis var ein aksling i bakkant på traktoren, som på moderne traktorar. I motsetning til ei reimskive kunne effekttuttaket nyttast når traktor og reiskap var i rørsle. Gougis framheva at effektuttaket mellom anna kunne nyttast til å driva slåmaskinar, sjølvbindarar, skurtreskjarar. Turtalet til effektuttaksakslingen var proporsjonalt med turtalet til motoren og kunne koplast inn/ut uavhengig av om traktoren var i rørsle eller ikkje, noko som var nyttig i samband med drift av ei slåmaskin i tjukt gras, eller ein sjølvbindar i tjukk åker.
Traktoren hadde ein 4-sylindra bensinmotor med ei effekt på 10-12 hk ved 1200 o/minTracteur agricole Gougis, salsbrosjyre.. Det var kjededrift av bakhjula, som hadde ein diameter på 1 m og ei breidd på 23 cm. Det var to hastigheiter framover på 4 og 8 km/t og ei attover. Det var berre eit framhjul, med ein diameter 57 cm og ei breidd på 15 cm. Traktoren hadde ein masse på 1500 kg, ei lengd på 3,3 m, ei breidd på 1,67 m og ei høgd på 1,5 m.
Gougis bygde ein ny traktor i 1908, men sjølv om demonstrasjonane vekte åtgaum vart det ikkje nokon kommersiell suksess. Ein av traktorane vart nytta for demonstrasjonar hjå L’Institut National Agronomique. Frå 1908 og utover konsentrerte Gougis seg om å produsera såmaskinar og gjødselspreiarar. I 1962 gjekk føretaket saman med konkurrenten Nodet under namnet Nodet Gougis.
I 1919 byrja International Harvester å eksperimentera med effektuttak på ein International 8-16, og i 1921 var effekttuttaket tilgjengelig som ekstrautstyr for International 15-30 G. Quick, Spinning an historical yarn about Power-Take-Off shafts, Australian Grain, Mars-avril 2008, pp. 36-37..
Referansar
Kategori:Tidlegare traktorprodusentar Kategori:Franske ingeniørar Kategori:Tidlegare franske føretak