Fagerlia er ei barnebok frå 1915 av Halvor Floden. Det var den andre barneboka hans, og ho har blitt omtalt som ei av dei beste bøkene, og som et gjennombrot. Halldis Moren Vesaas skreiv ved Flodens bortgang i 1956 at boka «framleis er av dei Floden-bøkene som grip ein liten lesar sterkast». Boka var illustrert av Otto Valstad, og utkom på Olaf Norlis Forlag. Før ho kom ut, hadde boka gått som føljetong i Norsk Barneblad i 1913 og våren 1915. Bakgrunn Da boka kom ut, var forfattaren lærar på framhaldskulen i Elverum sentrum, der han var 1913–17. Floden vart tilsett som lærar på Hernes skule i desember 1916, og kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 4 barn, fødd 1907–1915.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
På same måte som med Frik med fela to år seinare, vart boka skriven medan Floden måtte sitje i ro og hente seg inn att etter ein skade med øks. Innhald Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd. Boka opnar med at dei fire barna Siri (11), Eva (5), Olav og eldstebroren Tor (14) blir foreldrelause når mora døyr. Faren hadde døydd tre år tidlegare. Hovudsaken i boka er søskna sin kamp mot å bli skilt frå kvarandre og sett på legd. Dei ønskjer å drive småbruket sjølve, trass i at bygdeviljen vil noko anna for dei. Gjennom samhald, staheit, ansvarskjensle og hardt arbeide lukkast barna. Ei avgjerande hending i siste kapittel gjer at borna vinn respekt: dei bergar Haakon, sonen til bonden Per Haug, etter ei ulukke. Haug har vore den fremste talsmannen for at borna må flytte frå Fagerlia, men nå ombestemmer han seg, og hyrer gutane til skogsarbeid. Omtale Meldaren i Agderposten meinte at boka var frisk og sterk og ekte og naturleg, og «ei av dei beste bøkerne av sitt slag». Anders Hovden skreiv at «bedre barnebok hev eg knapt lese» og at boka har «ei varm, byggjande aand som styrker det gode i mannehugen». Lærerinna Borghild Vinje Røen skreiv i Østerdølen at det er «makalaust fint fortalt» og at boka står for gode verdier. Lærar Reidar Haddeland skreiv i Fædrelandsvennen at det «er det borna tenkjer, talar um og traar etter som er ypperlegt fortald.» Sigrun Okkenhaug legg i si melding av boka vekt på at ho er gripande, og vil inspirere born til å sette seg høge mål. I Skolebladet meinte meldaren at det var vedkjømelegt («rørande»/«vemodig») «aa lesa um desse stakars foreldrelause Fagerli-borna som stræva saa saart». Meldaren Leonhard Næss i Den 17de Mai legg mest vekt på målforma i si omtale av boka.
Gunvor Risa skriv i Norsk barnelitteraturhistorie (2018) at Fagerlia har mange fellestrekk med fleire av Flodens bøker: fattige barn mot bygdekollektivet, og siger gjennom uthaldenhet, god moral og ein heltedåd.
I litteraturhistorieskrivinga ellers blir det nemnt at boka «er lysere i tonen enn de fleste av Flodens bøker», at boka gjer minnet om foreldra til «ein forpliktande arv», at Floden skildrar hendingar frå dei utstøytte sin synsstad, og at Floden «lovpriser arbeider framfor leiken». «For barna blir kjærligheten til hjemmet og kjærligheten til fedrelandet to sider av samme sak,» mener Beate Kraggerud i en artikkel om Floden. Også Halldis Moren Vesaas ser boka som «ei bok om heime- og syskjenkjærleik som inst inne er kjærleiken til det landet og det folket som ein høyrer til i.»
Boka i ettertid I ei utgreiing frå Den norske Forfatterforening i 1939 vart Fagerlia serleg framheva som ei «mønsterbok» som burde finnast i alle skulebibliotek, og at ho er godt eigna til å styrke nasjonale og etiske verdiar.
Boka vart dramatisert for skulebruk av Floden sjølv i 1939. Boka var óg sendt som høyrespel i NRK skulekringkastinga i mars 1939. Oddvar Øieren dramatisert boka i 2003 med tittelen Arven fra Fagerli for ei barneteatergruppe i Elverum.
Boka er omsett til svensk (Barnen på Fagerliden, 1937), kinesisk (1937), dansk (Fagerlia, 1963) og tysk (Wir halten Fagerlia, 1938, Der Heimat treu, 1951).
Da boka kom i nytt utgåve i 1934, fekk Floden Melsom-prisen for henne året etter. Utgåva fra 1977, i Samlagets serie Mine beste bøker, var illustrert med teikningar av Bård E. Valberg. Valberg fekk Kulturdepartementet illustrasjonspris for dette.
Referansar
Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1915