Edward Bunting () var ein irsk musikar og folkemusikksamlar.
Liv og virke Bunting var fødd i County Armagh i Irland. Som sjuåring blei hand sendt til Drogheda for å læra musikk, og som elleveåring blei han lærling hjå William Ware, organisten ved St. Anne's church i Belfast, og budde hjå familien til Henry Joy McCracken.
I 1792, som nittenåring, fekk han i oppdrag å skriva ned melodiane til tradisjonelle harpespelarar ved Belfast Harp Festival. Sidan Bunting var opplært innan klassisk musikk, skjøna han ikkje dei særskilde trekka til irsk tradisjonsmusikk, som modus. Han kunne derfor prøva å «retta» melodiar han høyrde når han skreiv dei ned slik at dei følgde reglane for klassisk musikk. Eit bevis på dette er at nokre av melodiane han gav ut var i toneartar som ikkje kunne ha blitt spelt på desse harpene. Notatane hans om harpespelarane, korleis dei spelte og terminologien dei brukte er derimot særs viktige, og mange melodiar ville vore tapte om han ikkje hadde skrive dei ned.
Bunting gav ut arrangement av festivalmelodiane for pianoforte i A General Collection of the Ancient Music of Ireland, som blei gjeven ut i London i 1796.
Mellom 1792 og 1807 drog Bunting rundt på ei rekkje innsamlingsturar. Han var den fyrste som transkriberte musikk i felten medan musikken blei spelt. Han forstod kor viktige dei irske orda var for songane og tilsette Patrick Lynch til å skriva opp tekstane.
Bunting budde i Belfast til han gifta seg i 1819. Han flytta då til Dublin der han var organist ved St. George's Church.
Bunting er gravlagd på Cemetery of Mount Jerome i Dublin.
Oppteikningane til Bunting var forsvunne i mange år, men dei blei funne igjen i 1907 og er no oppbevarte i biblioteket ved Queen's University Belfast.
The Chieftains-albumet The Celtic Harp frå 1993 er tileigna Edward Bunting.
Publikasjonar
A General Collection of the Ancient Irish Music, 66 melodiar, (1796), A General Collection of the Ancient Music of Ireland (1809), The Ancient Music of Ireland, 165 airs, (1840). Walton si gjenutgiving frå 2002: The Irish Music Manuscripts of Edward Bunting (1773–1843) (ISBN 1-85720-139-6).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Edward Bunting» frå , og «Edward Bunting» frå den 23. mars 2025.
Litteratur
Donal O Sullivan. Journal of the Irish Folk Song Society, 1927-1939. Bunting, Edward. The Ancient Music of Ireland Arranged for Piano. Dover, 2000. (original 1840)
Kategori:Irske musikarar