Rustvengbergkall (Cinclodes albidiventris) er ein medlem av slekta av bergkallar (Cinclodes) i omnfuglfamilien Furnariidae. Han lever langs nordlege Andes frå Venezuela gjennom Colombia og Ecuador til nordlegaste Peru.
Skildring Rustvengbergkall er ein liten bergkall, 15–19 cm i kroppslengde, veg rundt 36 gram. Han skil seg frå nærtskylde artar ved å ha eit kastanjebrunt vengband i staden for eit bleikt gulbrunt, meir raudbrune stjertfjører ytterst, mørkare underside og ein meir tydeleg bleikmønstra brun brystfarge. Ungfuglar har meir markerte mørke kantar på fjørene på undersida og har elles rikare fargetonar i fjørdrakta. Det finst tre ulike underartar som skil seg litt i fargenyansar, særleg i ryggfarge, vengband og fargeteikningar på stjerten. Hannen og hoa ser like ut.
Utbreiing og habitat Arten lever i ulike opne grasområde i høgfjella, inkludert páramo og puna-grasmark, og kan òg finnast i tilgrensande jordbruksområde. Han held seg gjerne nær vatn, som sumpar og bekker, og er vanleg rundt menneskelege busetnader. Rustvengbergkallar er registrerte så høgt som mot 5000 meter over havnivå, men mest vanleg lever dei i høgder mellom 3200 og 4300 moh.
Åtferd Dei fleste populasjonane er standfuglar, men enkelte individ flyttar til lågare høgder om vinteren eller under dårleg vêr. Dietten består hovudsakleg av små virvellause dyr. Arten søkjer føde åleine eller parvis, anten ved å plukke føda frå bakken eller ved å stikke nebbet i jord, mudder, grunt vatn, steinar, gras og til og med dyregjødsel.
Songen til hannen er ei kort, om lag to sekund lang høgfrekvent trille, oftast frå ein open sitjeplass medan han flaksar med vengene.
Arten er monogam. Hannen utfører eit paringsspel med flaksande vengeslag medan han syng frå ein sitjeplass. Reiret blir plassert i ein tunnel og består av ei grunn skål laga av røter, fora med bleikgrøn mose, lav og nokre fjør eller kaninhår. Eggkullet består av to kvite egg.
Status Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert rustvengbergkallen til å vere «livskraftig» (LC). Sjølv om han har eit avgrensa utbreiingsområde og ein ukjend, men truleg minkande, populasjon, oppfyller han ikkje kriteria for raudlisting. Rustvengbergkall er den mest vanlege Cinclodes i utbreiingsområdet. Han vert ikkje uroa av menneske i området og kan ta føremon av at husdyra beitar der.del Hoyo, 2020
Kjelder
Første versjon av denne artikkelen var baset på «Chestnut-winged cinclodes» frå , den 24. mars 2025 del Hoyo, J., N. Collar, and G. M. Kirwan (2020). Chestnut-winged Cinclodes (Cinclodes albidiventris), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.chwcin1.01
Bakgrunnsstoff
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar i Venezuela Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru