Rustnakkemaurpitta (Grallaria nuchalis) er ein fugleart i maurpittafamilien, Grallariidae. Han lever i tett, vått bambuskratt, over ca. 2000 moh. i Colombia og Ecuador, og litt inn i nordlege Peru.

Skildring

Som andre Grallaria-maurpittaer er rustnakkemaurpittaer lubne og runde maurfuglar i kroppsforma med kraftige nebb og svært lange bein og korte halar.

Rustnakkemaurpittaer er rundt 20 cm lang og veg mellom 104 og 122 gram. Det er ingen skilnad i fjørdrakt mellom hann og ho. Vaksne individ har ein mørk kastanjebrun isse og ein raudbrun nakke, bakhovud og andlet. Dei har gråe foraugeregionar og eit område med berr, kvit hud bak auget. Oversida og halen er brun. Vengene er hovudsakleg brune med gulbrune handsvingfjører. Undersida er oskegrå, mørkast på strupen. Det finst variasjonar mellom underartane, G. n. ruficeps i Colombia har lysare, meir raudbrun isse, nakke og andlet, og lysare grå undersida enn nominatunderarten. Den mørkaste varianten finst i nordvestre Ecuador, her har G. n. obsoleta brun isse, svarte foraugeregionar, eit meir kastanjebrunt andlet, olivenbrun overside og svartgrå undersida. Alle underartar har grå iris, svart nebb og lyse blågrå bein og føter.

Utbreiing og habitat

Rustnakkemaurpitta har ei oppstykka utbreiing. Nominatforma finst på austsida av Andesfjella, i alle fall frå Pichinchaprovinsen i Ecuador sørover til Piura-regionen i Nord-Peru; han kan òg finnast lenger nord, så langt som til Nariño-departementet i sørvestlege Colombia. Underarten G. n. ruficeps finst på vestsida av Aust-Andes i Colombia, i Cundinamarca-departementet, i Sentral-Andes mellom departementa Antioquia og Cauca, og kanskje òg i Vest-Andes i Antioquia. G. n. obsoleta finst på vestsida av Andesfjella i nordlege Ecuador, i provinsane Imbabura og Pichincha.

Rustnakkemaurpitta lever i temperert til fuktig fjellskog, der han nesten berre finst i og nær tette bambuskratt. Han held òg til i underskogen i nærliggjande skogsområde utan bambus. Han finst i høgder mellom 1900 og 3150 meter over havnivå.

Åtferd

Føda og leitemønsteret til rustnakkemaurpitta er ikkje godt dokumentert, men han er kjend for å ete insekt og andre virvellause dyr. Han er hovudsakleg terrestrisk og hoppar rundt på bakken, vanlegvis djupt inne i bambusskogen. Likevel blir han observert i meir halvopne område i tidleg morgongry.

Det einaste kjende reiret til rustnakkemaurpitta var ein stor bolle laga hovudsakleg av bambusblad, med nokre småkvistar og litt mose. Det låg om lag tre meter over bakken i ein bambuskratt og inneheldt to ungar. Elles er det lite kjent om hekkebiologien åt arten.

Rustnakkemaurpitta syng hovudsakleg i grålysinga og i skumringa, vanlegvis frå ein gøymd, låg sitjeplass. Songen er distinkt og ofte høyrt, ei rekkje på 4–7 tydeleg uttalte og ettertrykkeleg fløytande tonar i litt akselererande tempo.

Status

Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer rustnakkemaurpitta til å vere livskraftig (LC). Han har eit stort utbreiingsområde, og sjølv om den totale populasjonen ikkje er kjent, blir han rekna som stabil. Ingen umiddelbare trugslar er identifiserte. Arten blir rekna som lokalt nokså vanleg i Colombia, uvanleg i austlege Ecuador og sjeldnare i vest, men nokså vanleg i det litle utbreiingsområdet Peru.

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var baset på «Chestnut-naped antpitta» frå , den 31. mars 2025

Bakgrunnsstoff

Kategori:Maurpittafamilien Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru Kategori:Fuglar i andesregionen