Ingvald Aleksander Kristiansen Rastad () var ein norsk typograf og politikar frå Oslo. Han representerte Arbeidarpartiet i Stortinget valbolken 1925-27.

Rastad var 1908-12 elev ved Den tekniske aftenskole i heimbyen. Han utdanna seg til typograf ved Emil Moestues trykkeri, og arbeidde seinare ved både Brøgger boktrykkeri, Grøndahl boktrykkeri, Steenske boktrykkeri og Centraltrykkeriet i hovudstaden. 1909-10 var han elles redaktør i Storm, månadsbladet til Norges Ungsocialistiske Forbund, eit miljø som utvikla seg i anarkistisk retning.

1918-19 var Rastad medlem i sentralstyret til Arbeidarpartiet. Frå 1920 til -34 hadde han i fem valperiodar plass i Oslo bystyre, dei siste 12 åra med sete i formannskapet. Samstundes sat han i sentrale posisjonar i Oslo Arbeidarparti, sekretær frå 1920 og formann frå 1924 til -27, og på ny frå 1931 til -33. Og om ikkje det var nok, så var han sentralstyremedlem I DNA frå 1921 til 1927. I tre år, 1925-27, var han stortingsmann frå Oslo, medlem i Sosialkomiteen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingvald Rastad» frå , den 7. mai 2025.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Folk frå Oslo