Karl Taalesen Holland () var ein norsk hjulmakar og båtbyggjar som arbeidde på Hamar. Han var fødd i Nes i Hedmark Etter nokre år flytte han med foreldra til ein husmannsplass i Vardal på vestsida av Mjøsa. Han tok namnet Holland etter denne husmannnsplassen Karl gjekk i hjulmakerlære på Gjøvik.

Kring 1905 slo han seg ned på Hamar som hjulmakar. Han tok til å byggje båtar, og etter kvart vart etterspurnaden så god at han kunne leve av det. Han etablerte Holland båtbyggeri kring 1912. Karl Holland fekk mykje å seie for utviklinga av mjøsbåten

Karl Holland dreiv som båtbyggjar så lenge han var yrkesaktiv. Etter ham var det den yngste sonen, Rolf som overtok båtbyggeriet. Den eldste sonen, Thorleif, bygde og båtar. Båtane som desse tre bygde var nokså like, og har vorte kalla hollandbåtar.

Båtane vart bygde på malar. Dei første båtane fekk fem bordgangar. Seinare vart seks eller sju bordgangar vanleg. Båtane har vorte klinka med båtsaum. Mellom borda vart det lagt bomullstråd i eit høvla spor. Den særmerkte stamnprofilen var lik for båtar frå alle Holland-karane. Etter kvart vart det bygd hollandbåtar for motorframdrift. Det vart og bygd plastbåtar.

Kjelder

Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Båtbyggjarar i Innlandet