Den Sorte Diamant (eller Diamanten) i København er det nyaste tilbygget til Det Kongelige Bibliotek på Slotsholmen. Bygningen er teikna av arkitektfirmaet schmidt hammer lassen architects og opna for publikum 15. september 1999.
Bygningen har 450 lokale og 800 dører. Fasaden består av 2 500 kvadratmeter svart granitt frå Zimbabwe, tilskoren og polert i Nord-Italia. Kvar granittstein veg 75 kg. Glasveggene mot lesesalane er framstilte i Tyskland og er 6 meter høge, 2,40 meter breie og 16 mm tjukke. Kvar enkelt glasskive veg 576 kg.
venstre|mini|Freske av Per Kirkeby venstre|mini|Utsikt frå atriumet ut mot hamna. mini|Lesesal vest.
Den Sorte Diamant inneheld fyrst og fremst publikumsfunksjonar. Med utgangspunkt i samlingane til biblioteket er det regelmessige kulturhistoriske utstillingar i Søjlesalen og Montanasalen (av P. J. Lassen), Det Nationale Fotomuseum stiller ut med utgangspunkt i biblioteket si Kart- og Billedsamling, Museet for Dansk Bladtegning stiller ut på Bladtegnergangen og Dronningesalen byr på klassisk musikk og intervju m.m.
Oppover i etasjane finn ein dei eigentlege bibliotekfunksjonane. Utlånsskranken er plassert på den såkalla utlånsbrua. Her blir Den Sorte Diamant knytt saman til den gamle bibliotekbygningen Holm. Høgare oppe i Diamanten finst ei rekkje spesialsenter og lesesalar. Publikumsfasilitetane er samla i midten av Diamanten rundt det høge, lyse atriumet som spring i heile høgda i bygningen. Ut mot sidene av bygningen ligg kontor og administrasjon. Direksjonen til biblioteket held til øvst i bygningen.
Diamantklubben er kulturklubben til Det Kongelige Bibliotek. Med utgangspunkt i biblioteket og dei unike samlingane det har tilbyr klubben kulturelle arrangement i romma til Den svarte diamant, mellom anna foredrag, konsertar og utstillingar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den Sorte Diamant» frå , den 14. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
Læsesal Vest
Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1999 Kategori:Vitskap i 1999 Kategori:1999 i Danmark Kategori:Skipingar i 1999 Kategori:Slotsholmen Kategori:Byggverk i København Kategori:12°E Kategori:55°N