Canmore er ein by vest i provinsen Alberta i Canada. Byen har ikring 17 000 ibuarar (2023) og ligg i dalen Bow Valley i Rocky Mountains. Canmore, som er ein kjend vintersportstad, ligg aust for Banff nasjonalpark og 110 km vest for Calgary.

Tevlingane i nordiske greiner og skiskyting under OL i Calgary i 1988 vart arrangert i Canmore Nordic Centre Provincial Park. Også lagtevlinga i VM i skiskyting 1994 vart avvikla her. Sidan 2006 har det år om anna vorte arrangert verdscuprenn i langrenn i Canmore.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Canmore, Alberta» frå , den 19. mai 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Alberta Kategori:Byar i Canada