Paul Backer () var ein norsk lækjar og stortingsmann.
Backer var fødd i Trysil, voks opp i Horten og Gjerpen. Han var son til ein distriktslækjar, og studerte sjølv medisin ved Universitetet i Kristiania. Etter han vart cand.med. i 1889 arbeidde han som privatlækjar i Brevik, frå 1893 kommunelækjar der. Han gifta seg i 1904 og flytta året etter til Kabelvåg for å vere distriktslækjar. Frå 1914 til 1932 var han fylkeslækjar i Hordaland og kommunelækjar i Stord og Fitjar.
Backer var medlem i Brevik bystyre. I 1900 vart han vald til å representere byen på Stortinget, attvald 1903. På Stortinget var han 1900-03 medlem i Protokollkomiteen, 1903-06 var han formann i Næringskomite nr 2.
Backer døydde i Fitjar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Norske legar