Andreas Cederbergh () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Egersund, busett i Stavanger.

Cederbergh reiste i ung alder til sjøs med eit skip frå Trondheim, vart kapra i Nordsjøen og sat halvtanna år i prisonen i England. I 1818 tok han til som målarmeister i Stavanger. Seinare byrja han handel og fekk stilling som veginspektør. Han fekk bygt Cederbergs sal, ei bygning som i 1830-40-åra var ein kjend fest- og samlingsstad for borgarskapen i Stavanger. Cederbergh skreiv høvesdikt og fekk stifta eit dramatisk selskap. Sjølv opptredde han ved mange høve.

Cederbergh representerte Stavanger by i stortinget i 1833, 1836 og på omframtstortinget 1836-37. Han var medlem i Næringskomiteen, i 1833 var han også med i komiteen om kjøpstadskatten.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Folk frå Eigersund Kategori:Folk frå Stavanger