Muskegon er ein by i den amerikanske delstaten Michigan. Han har 40 105 innbyggjarar (2000). Byen ligg i fylket Muskegon County, som han er administrasjonsstad for. Byarealet er på 46,7 km².
Muskegon ligg ved breidda av Michigansjøen, og er den folkerikaste byen ved austbreidda av sjøen. Muskegon River renn ut i Michigansjøen her, og Muskegon ligg ved ei naturleg hamn. Namnet «Muskegon» er avleidd frå ottawa-ordet , som tyder 'myrlendt elv' eller 'sump'.
Det er dagleg ferjesamband frå Muskegon til Milwaukee på den andre sida av Michigansjøen. Den lokale flyplassen i byen er Muskegon County Airport.
Folk frå Muskegon Heber Doust Curtis, astronom Clara H. Hasse, botanikar Jim Bakker, tv-predikant og svindlar Iggy Pop, rockemusikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muskegon» frå , den 14. juni 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Michigan Kategori:86°W Kategori:43°N