Gamlehagen er eit skodespel frå 1931 av Halvor Floden. Det vart første gong framført på Det Norske Teatret 26. mars 1931.Gamlehagen; sceneweb.no Det er ikkje utgitt i bokform. Bakgrunn Dette var det andre teaterstykket til Floden, etter Staalboraren (1920/1921). Begge desse spelstykka var retta mot vaksne.
I 1931 var Floden etablert som kunstnar, lærar og familiemann. Han hadde vore lærar i Hernes sidan 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Dei hadde fått fem barn, fødd 1907–1920. Sonen Odd, fødd 1908, døydde av bukhinnebetennelse i juli 1931.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
Floden skreiv etter kvart fleire teaterstykke: Han dramatiserte si eiga barnebok Gjenta frå landsvegen som vart framført i 1939, og dramatiserte si eiga bok Fagerlia for skulebruk. Han skreiv og nokre høyrespel for NRK.
Innhald Gamlehagen bygger på eit levande segntradisjon i Trysil, om bonden Halvor/Hallvard Gammelhagen som i tida omkring 1750 drap ein svensk skreppehandlar; han fikk lagt skulda for drapet på andre som vart dømt til dauden for drapet. Historia var tidlegare nedteikna og publisert av Sigurd Nergaard i folkeminnesamlinga Gard og grend (1921).
I Floden sin versjon er Gamlehagen ein bygdekakse utan kristent samvit. Etter drapet møter han motbør frå lensmannen som representerer makta, og frå kona si, som har ei sterk kristentru. Gamlehagens største dilemma er likevel at det er drengen Eirik, kjæresten til dottera, som må ta skulda og straffa om Gamlehagen skal gå fri. Etter mykje tvil vel Floden å skrive stykket med ein «oppbyggeleg slutt», der Gamlehagen tar skulda på seg.
Framsyninga Framsyninga var sett i scene av teatersjef Ingjald Haaland, og hadde scenografi av Ola Cornelius. Dei som medverka i stykket var mellom andre: Hallvard Gamlehagen — Karl Holter Kari, kona hans — Dagmar Myhrvold Ingebjørg, dotter hans — Tordis Maurstad Eirik, dreng hos Gamlehagen og kjæreste med Ingebjørg — Nils Hald lensmann — Lars Tvinde Lisa, kona til skreppekaren — Helga Balle Lund
Stykket vart siste gong framført 9. april 1931.
Gamlehagen vart seinare framført i Radioteatret i 1940 med tittelen Grenseskog. Lars Tvinde spela Gamlehagen, Dagmar Myhrvold spela kona, Aasta Voss spela dottera og Nils Hald spela Eirik. Omtale Både litteraturhistorikaren Johs. A. Dale og teaterhistorikaren Nils Sletbak har skrive at Karl Holter i hovudrolla har skulda for at oppsettinga ikkje var heilt vellukka: han «hadde ikkje opplevde tragedien i denne mannen sterkt nok». Sletbak meinte at Tordis Maurstad som dottera «gav best uttrykk for den brytinga mellom heidendom og kristendom som forfattaren hadde lagt til grunn for dramaet».
Meldaren A.F. i Den 17de Mai meinte at stykket var eit av dei beste nye norske stykka på Det norske teatret i det siste, og at det var mykje godt i karakterteikninga. Meldaren er skeptisk til det ytlege i framføringa, med høglydt tale og store fakter.
Aftenpostens viktigaste innvending mot stykket var at eit kjærleiksforhold mellom storbondedottera og husmannsguten ikkje var truverdig. Norges Handels og Sjøfartstidende skreiv at stykket ikkje fengsla oppmerksemda, fordi «forfatteren står så upersonlig overfor sitt stoff». Meldaren S.M. i Norges Framtid meinte at stykket hadde «flere iøinefallende feil». Referansar
Kategori:Norske skodespel