Florisuga er ei slekt i kolibrifamilien (Trochilidae) som omfattar to artar heimehøyrande i neotropane. Utbreiingsområdet strekkjer seg frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika og store delar av Sør-Amerika, til nordlege Bolivia, nordaustlege Argentina og Uruguay.
Det feminine latinske slektsnamnet Florisuga kjem frå orda floris, som tyder «blome», og sugere, som tyder «suge» eller «slurpe».
Kjenneteikn Artane i denne slekta er mellomstore kolibriar, og måler mellom 11 og 13 cm i kroppslengd. Dei har svært ulike fjørdrakter: Kvitnakkekolibri (Florisuga mellivora) viser tydeleg kjønnsdimorfisme, hannar har ein glitrande kombinasjon av blått, grønt og kvitt, medan hoene har meir dempa fargar. Svartkolibri (Florisuga fusca) har ikkje kjønnsdimorfisme, og begge kjønn er hovudsakleg svarte og kvite. Begge artane har rette, svarte nebb.
Systematikk Fleire fylogenetiske studiar har vist at slekta Florisuga, saman med Topaza, utgjer ei basal grein innan kolibrifamilien. På bakgrunn av dette plasserer somme systematikarar desse to slektene i ein eigen underfamilie Florisuginae.
Arten Florisuga fusca har tidlegare vore plassert i ei monotypisk slekt kalla Melanotrochilus, men etter at ho blei overført til slekta Florisuga, blir det gamle slektsnamnet rekna som eit synonym.
Artsoversyn Slekt Florisuga i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige: Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing 140pxKvitnakkekolibriFlorisuga mellivora(, 1758)100px140pxSvartkolibriFlorisuga fusca(, 1817)80px Kjelder
Første versjon av denne artikkelen var basert på «Florisuga» frå , den 25. juni 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Kolibriar i Mellom-Amerika Kategori:Kolibriar i Mexico Kategori:Fuglar i Sør-Amerika Kategori:Fugleslekter
