Jacob Otto Dietrich () var ein tysk journalist, rikspressesjef for NSDAP og statssekretær i Hitler-Tyskland.
Otto Dietrich spelte ei førande rolle i pressekontrollen i nazistaten. Som Reichsleiter høyrde han til Adolf Hitlers næraste stab i meir enn 13 år. Frå 1931 til 1945 var han ansvarleg for å leie det nasjonalsosialistiske avislandskapet som rikspressesjef for NSDAP. Frå 1938 var han pressesjef for riksregjeringa og statssekretær i riksdepartementet for opplysning og propaganda.
Kjelder Deutsche Biograhie
Kategori:Nazistar Kategori:Dømte krigsforbrytarar