Emilie Nautnes () er ein norsk fotballspelar som spelar for den spanske klubben Madrid CFF.

Klubbkarriere Nautnes kom til Fortuna Ålesund frå moderklubben Gossen i 2014. Etter halvanna år i 1. divisjon med Fortuna, gjekk ho til Arna-Bjørnar i 2015.

I juli 2019 signerte Nautnes ein toårskontrakt med LSK Kvinner; same haust var ho med å bli både serie- og cupmeister med klubben. I cupfinalen mot Vålerenga bidrog ho med å skåre to mål. Frå juni 2020 og ut kontraktstida i LSK Kvinner var ho sjukemeld og spelte dimed ikkje for klubben.

Nautnes trente med Rosenborg frå januar 2022, og i mars same år signerte ho ein kontrakt med klubben.

Landslagskarriere Emilie Nautnes har landskamper for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.

Nautnes vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i september 2018. I november same år debuterte ho for A-landslaget mot Japan. Ho vart teken ut til den norske troppen til VM i Frankrike 2019. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emilie Nautnes» frå , den 3. juli 2025.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Arna-Bjørnar-spelarar Kategori:Fortuna Ålesund-spelarar Kategori:LSK Kvinner-spelarar Kategori:Madrid CFF-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Aukra