Paul Bunyan er ein kjempestor tømmerhoggar som opptrer som folkehelt i nordamerikansk folklore, både i USA og Canada. Skrønene om han fortel om overmenneskelege storverk, og han er vanlegvis følgd av Babe the Blue Ox, kjæledyret og arbeidsdyret sitt. Karakteren oppsto frå den munnlege tradisjonen til nordamerikanske tømmararbeidar, og blei seinare gjort kjend av skribenten William B. Laughead (1882-1958) i ein reklamepamflett for Red River Lumber Company i 1916. Han har vore motivet for ulike litterære framstillingar, musikkverk, kommersielle verk og teaterproduksjonar. Avbildingar av han opptrer som ei rekkje store statuer i Nord-Amerika.

Etymologi Det finst mange hypotesar om opphavet til namnet «Paul Bunyan». Mange av dei fokuserer på eit fransk-kanadisk opphav for namnet. «Bunyan» er fonetisk likt det québéciske uttrykket «bon yenne!», som uttrykker undring eller overrasking. Det engelske etternamnet «Bunyan» er avledet frå same rot som «bunion» som i gammalfransk bugne, som viser til ein stor klump eller ei heving. Nokre forskarar har freista å spore Paul Bunyan til karakteren til Bon Jean i fransk-kanadisk folkeminne.

Tidleg omtale venstre|mini|307x307pk|Den fyrste Paul Bunyan-statuen i Bemidji i Minnesota. Michael Edmonds skreiv i boka si Out of the Northwoods: The Many Lives of Paul Bunyan frå 2009 at sogene til Paul Bunyan hadde vore kjende i minst tretti år før dei blei trykte. I motsetnad til dei lange forteljingane som er utbreidde i trykt materiale, blei munnlege Paul Bunyan-soger gjerne fortalde i korte fragment i tømmerarbeidarkoier. Nokre av sogene inneheld motive frå eldre folkelege historier, som absurd dårleg vêr og fryktelege skapningar. Parallellar i dei tidlege trykte sogene støtter opp om oppfatninga at minst ein handfull Bunyan-soger har felles opphav i folkloren.

Den fyrste kjende referansen til Paul Bunyan i trykk kom ut i avisa Gladwin County Record den 17. mars 1893. Under lokale nyheiter for området Beaverton, stod det: "Paul Bunion [sic] is getting ready while the water is high to take his drive out." Denne linja var truleg ein intern vits, sidan han stod på trykk over femten år før det var nokon kommersiell bruk av namnet Paul Bunyan.

Den eldste publiserte soga om Paul Bunyan er ein anomnym tekst i Duluth News Tribune frå 1904 som fortel:

høgre|mini|Paul Bunyan avbilda av William B. Laughead.

Forfattaren William Laughead (1882-1958) blei kjend med Paul Bunyan i 1901, då han budde i lag med tre brør i ein tømmerleir i Pacific Northwest. I 1916 skreiv Laughead ein pamflett for Red River Lumber Company med Paul Bunyan som karakter. Denne hadde tittelen Introducing Mr. Paul Bunyan of Westwood, California og blei sendt ut til alle forretningskontaktane til føretaket, men hadde ikkje mykje effekt. Det var ikkje før Tales about Paul Bunyan, Vol. II kom ut at kampanjen fekk fart. Laughead tok seg mange fridommar med det opphavlege munnlege kjeldematerialet, han utbroderte eldre forteljingar og la til nokre av sine eigne. Mellom anna gav Laughead namnet «Babe» til den blå oksen til Bunyan, skapte den fyrste biletrepresentasjonen av han, og auka høgda figuren til umoglege proporsjonar (i Laughead sin versjon tårnar Paul Bunyan over tre, medan i dei tidlegare folkesogene hadde Bunyan vore særs høg og sterk, men med menneskelege proporsjonar).

Laughead tilla skapinga av fleire amerikanske landskap, landemerke og naturlege under til Paul Bunyan. Han skreiv at Paul Bunyan og Babe skal ha skapt dei 10 000 innsjøane i Minnesota med fotspora sine. Seinare forfattarar la til fleire detaljer og gjerningar, som til dømes skapinga av vatn, som Bemidji-sjøen (som har ei form som liknar eit gigantisk fotavtrykk sett overfrå).

Soger om Bunyan seier mellom anna at han skapte Grand Canyon ved å dra øksa si etter seg, og Mount Hood ved å leggja steinar på bålet sitt.

I ojibwe-folklore høgre|mini|Red Lake i Minnesota. Bunyan-figuren blei teken i bruk av ojibwefolk i folkloren deira om Nanabozho, ein kulturhelt for ojibwe- og anishinaabefolk.

I soga kom Paul Bunyan kom for å hogga i skogane i nordlege Minnesota, og Nanabozho slost mot han for å forsvara skogen. Dei kjempa i tre dagar; Nanabozho slo til slutt Bunyan med ein stor abbor. Bunyan landa på baken i gjørma, og sporet etter dette blei til Red Lake i Minnesota.

Akademisk forsking K. Bernice Stewart, ein student ved University of Wisconsin, dreiv innsamling av soger om Paul Bunyan frå tømmerarbeidarar i Midtvesten samtidig som Laughead. Stewart samla ein akademisk antologi av originale anekdoter gjennom ei rad intervju. Denne kom ut i 1916 som «Legends of Paul Bunyan, Lumberjack» i Transactions of the Wisconsin Academy of Sciences, Arts and Letters, med engelskprofessoren hennar Homer A. Watt som medforfattar. Forskinga tek for seg tradisjonelle forteljingar, nokre i ulike versjonar, og konkluderer med at mange av dei truleg fanst i ei eller anna form før dei blei omforma til å ha Bunyan som hovudkarakter. I analysen sin hevdar Stewart at Paul Bunyan høyrer til ein type reisandesoger.

Charles E. Brown var kurator ved Museum of the State Historical Society of Wisconsin og sekretær for Wisconsin Archaeological Society. Han var ein annan forskar som skreiv ned tidlegare Paul Bunyan-soger frå tømmerhoggarar. Han gav ut desse anekdotene i eit kort pamflettformat som folklorestudentar kunne nytta. Mykje av forskinga hans blei støtta av det statlege Wisconsin Writers' Program.

I 2007 byrja Michael Edmonds frå Wisconsin Historical Society på ein grundig gjennomgang av Paul Bunyan-tradisjonen, og gav ut funna sine i Out of the Northwoods: The Many Lives of Paul Bunyan. Edmonds konkluderte med at Paul Bunyan hadde opphav i den munnlege tradisjonen til skogsarbeidarar som heldt til i leirar i Wisconsin ved byrjinga på 1900-talet, men sogene blei sterkt utbroderte og populariserte av kommersielle interesser.

Debatt om autentisitet Kommentatorar som Carleton C. Ames, Marshall Fitwick og særleg Richard Dorson har gjeve Paul Bunyan som eit eksampel på falk folklore eller «», eit litterært påfunn presentert som ei eldre folkesoge. Dei peiker på at dei fleste bøker om Paul Bunyan nesten berre inneheld element utan opphav i folkeminne, særleg dei retta mot eit ungt publikum. Moderne kommersielle forfattarar har fått æra for å gjera Paul Bunyan til ein nasjonalt kjend figur, men dette ser vekk frå dei historiske røtene til figuren i tømmerleirar og skogsindustri.

Opphav i røyndommen Fleire forfattarar har lagt fram forslag om at legenda om Paul Bunyan bygde på ein verkeleg person. D. Laurence Rogers og andre har føreslått moglege samband mellom Paul Bunyan-soger og opplevingane til den fransk-kanadiske tømmerhoggaren lumberjack Fabian «Saginaw Joe» Fournier (1845–1875). Fournier arbeidde for H. M. Loud Company i området kring Grayling i Michigan frå 1865 til 1875. James Stevens la i 1925 fram eit ubekrefta forslag i boka Paul Bunyan om at Paul Bunyan var ein soldat i Papineau-oppreeisten, Paul Bon Jean.

Stewart og Watt nemner at nokre av dei eldre tømmerhoggarane dei intervjua hevda at dei hadde møtt Paul Bunyan eller medlemmer av laget hans, og staden der han skulle vera gravlagd blei peika ut til dei i Nord-Minnesota.

Paul Bunyan i kulturen Verk for barn venstre|mini|Stillbilde frå Mel-O-Toonssin teiknefilm Paul Bunyan frå 1960. Nokre av dei meir varige historiesamlingane om figuren er Paul Bunyan av Esther Shephard (illustrert av Rockwell Kent), Paul Bunyan av James Stevens, Paul Bunyan Swings His Axe av Dell J. McCormick, Paul Bunyan and His Great Blue Ox av Wallace Wadsworth og The Marvelous Exploits of Paul Bunyan av William Laughead.

The Wonderful Adventures of Paul Bunyan er ei gjenforteljing av Louis Untermeyer, illustrert av Everett Gee Jackson, som kom ut i 1945 på Heritage Press, ein del av The George Macy Companies.

Legends of Paul Bunyan (1947) var den fyrste boka gjeven ut av skrøneforfattaren Harold Felton.Harold W. Felton, Papers , archive description at the University of Nebraska-Lincoln Libraries (retrieved October 11, 2015)

I 1958 laga Walt Disney Studios Paul Bunyan som ein animert kort musikalfilm. I denne tevlar Paul med øksa i ein trehoggekonkurranse mot ei dampdriven mekanisk sag. Thurl Ravenscroft, som kanskje er best kjend som røysta til Tony the Tiger for Kellogg Company, var med i filmen, som blei nominert til Oscaprisen for «Best Animated Short Film».

«Three Tall Tales», ein episode frå The Magical World of Disney frå 1963, er ein animert antologi i tre delar der den tredje delen er forteljinga om Paul Bunyan.

I evntyrfilmen Tall Tale av Disney frå 1995 blir Paul Bunyan spelt av Oliver Platt. I motsetnad til den vanlege framstillinga av Bunyan som ei kjempe er han ein mann av gjennomsnittleg høgd i filmen, men har ein stor personlegdom som passer inn i overdrivingane i filmen.

I Marybeth Lorbiekci og Renée Grae si soge Paul Bunyan's Sweetheart frå 2007 giftar han seg med Lucette Diana Kensack, ei gigantisk metis-kvinne som lærer Paul å vera skogsmann og plantar tre att etter hogst.Paul Bunyan's Sweetheart written by Marybeth Lorbiecki and illustrated by Renée Graef, .

I 2017 kom ein animasjonfilm basert på folkesoga med tittelen Bunyan and Babe ut, med John Goodman som Paul Bunyan.

I annan kultur mini|Paul Bunyan (49 fot) og Babe the Blue Ox (35 fot) er statuar ved Trees of Mystery nær Klamath i California. Merk storleiken til menneske ved klauvene til Babe. Etter at William Laughead lanserte reklamekampanjen for Red River Lumber Company i 1916 blei Paul Bunyan kjend i heile USA. Gjennom heile 1900-talet blei namnet og bildet til Paul Bunyan brukt til å promotera ulike produkt, byar og tenester. Over heile Nord-Amerika blei det reist gigantiske statuer av Paul Bunyan for å promotera lokale verksemder og turisme. Mange av desse blei laga frå 1960-talet til 1970-talet av selskapet International Fiberglass som del av ei rekkje gigantiske glasfiberskulpturar kjend som «muffler man».

Fornøyelseparken Paul Bunyan Center, seinare Paul Bunyan Land opna i 1950 i Brainerd i Minnesota.

I 2014 opna ein asfaltert sykkelveg med namnet «Paul Bunyan Trail» som strekkjer seg over 120 miles frå Crow Wing State Park til Lake Bemidji State Park i Minnesota. Mange byar som vegen går gjennom sel Paul Bunyan-suvenirar. Bemidji Blue Ox Marathon, som blei skipa i 2013, går langs Paul Bunyan State Trail, rundt Lake Bemidji og forbi statuene av Paul Bunyan og Babe the Blue Ox. Statuene i Bemidji dukkar opp i tv-serien Fargo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Paul Bunyan» frå , den 5. juli 2025.

Bakgrunnsstoff Innspelingar

Bill McBride in interview with Alan Lomax, "Dialogue on lumber camps and lumberjack ballads; Paul Bunyan discussion, tale: The Round River Drive," Mount Pleasant, Michigan, August 22, 1938, (Field Recording) *Paul Bunyan discussion begins at 7:04 Bill McBride in interview with Alan Lomax, "Paul Bunyan tale: The Round River Drive, cont.; Roving Lumberjack," Mount Pleasant, Michigan, August 22, 1938, (Field Recording) Martin Mustig (phonetic spelling) in interview with Alan Lomax, "Oh When; Paul Bunyan stories," Traverse City, Michigan, September 3, 1938, (Field Recording) *Paul Bunyan discussion begins at 2:47 Perry Allen and Carl Lathrop in interview with Alan Lomax, "Wild Mustard River; Paul Bunyan tales," Saint Louis, Michigan, August 22, 1938, (Field Recording) *Paul Bunyan discussion begins at 3:03

Tekstar "Tall Tales" from PaulBunyan.org. "Tall Timber Tales" (An Archive of Early Paul Bunyan Printings from 1904 to 1924). Paul Bunyan Fine Art.

Inventory of the William B. Laughead Papers, 1897-1958, Forest History Society Archives "The Birth of Paul Bunyan", Forest History Society, October 1972 Esther Shephard. Paul Bunyan. Illustrations by Rockwell Kent. New York: Harcourt Brace, 1941. Full text available free online at the Internet Public Library.

Kategori:USA-amerikansk folkeminne Kategori:Kjemper