Gynoxys er ei slekt av søramerikanske dekkfrøplantar i korgplantefamilien, ein del av Asterales. Ho femnar om ca. 130 artar med utbreiing som strekker seg frå Venezuela via Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia til det nordvestlege Argentina.

Dei karakteristiske trekka ved slekta Gynoxys er: vekstforma er oppreist buskaktig eller treaktig; blada er ordna motsett og er filtaktige, ullen (tomentøse) på undersida; blomsterhovuda (kapitela) har klokke- eller kuppelform; bloma er talrike; slekta er endemisk for Sør-Amerika.

Det er funne at Gynoxys er vertar for leddyr, somme Gynoxys skil ut eit søtleg sekret på undersida av blada, vanleg føde for bladlus. Ein har registrert at tre eller fleire fugleartar, inkludert meisedaknis (Xenodacnis parina / Xenodacnis petersi) finn føde på Gynoxys-blad, dei beitar både på leddyra og på sekreta.

Artsoversyn Somme av artane skildra i 1992 og seinare: Vitskapleg namn Author namn År Gynoxys yasgolgensis Revilla & Cor.-Castro 2025 Gynoxys revolutifolia R.Arias, Esp.-Ort. & Revilla 2024 Gynoxys tabaconasensis H.Beltrán & Baldeón 2009 Gynoxys cygnata S.Díaz & A.Correa 2002 Gynoxys frontinoensis S.Díaz & A.Correa 1999 Gynoxys chingualensis H.Rob. & Cuatrec. 1992

Kjelder

Artikkelen er dels basert på «Gynoxys» frå , den 6. juli 2025

Bakgrunnsstoff

Kategori:Korgplantefamilien