Eva Narcissus Boyd betre kjent under artistnamnet Little Eva () var ein amerikansk popsongar som hadde ein stor hit med «The Loco-Motion» i 1962.

Liv og virke Boyd var fødd i Belhaven i Nord-Carolina i 1943 og hadde tolv søsken. Ho flytta til Brighton Beach i Brooklyn i New York då ho var femten.

Ho jobba som barnevakt og hushjelp for låtskrivar-ekteparet Carole King og Gerry Goffin. Dei valde henne til å syngja demoversjonen av «The Loco-Motion». Då den tiltenkte artisten for songen takka nei, blei Eva sin versjon gjeven ut og blei til ein hitt. Songen nådde fyrsteplassen på topplista i USA i 1962. Han selde over ein million eksemplar, og blei tildelt gullplate.

Little Eva heldt fram med å gje ut plater utover på 1960-talet, men fekk ikkje like stor suksess. Dei andre singlane hennar var «Keep Your Hands Off My Baby», «Let's Turkey Trot» og ein coverversjon av Bing Crosby-standarden «Swinging on a Star», som ho spelte inn med Big Dee Irwin (utan å bli godskriven på plata).

Ho opptredde framleis i 2001, då ho hadde fått ein kreftdiagnose. Ho døydde i 2003.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Little Eva» frå , den 10. juli 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Songarar frå 1900-talet