Martin Nicolai Brodtkorb () var ein norsk gardbrukar og lensmann i Hitra, fødd i Trondheim. Han var ordførar i Hitra i mange år og stortingsmann 1865-66.

Brodtkorb var son til ein kjøpmann og var elev ved den borgarlege realskulen i Trondheim. Der etter gjekk han i to år landbruksskule på Munkvoll, også i heimbyen. I 4 år var han huslærar i Stadsbygd, i 2 år bruksforvaltar i Stadsbygd og like lenge i Åfjord. 1854-56 forpakta han garden Nedre Ingdal i Stadsbygd. Han kjøpte garden Kaldklov i Hitra og dreiv denne fram til 1876. Brodtkorb overtok i 1874 stillinga som lensmann i Hitra, budde frå 1876 i Kvernhusvik på Hitra. Før han vart lensmann, var han i mange år ordførar og forlikskommissær i Hitra.

På Stortinget 1865-66 var han 4. representant frå Søndre Trondhjems amt, og medlem i Tollkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Folk frå Hitra Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet