Ole Pedersen Moe () var ein norsk forretningsmann frå Røros, busett i Kristiansand. Han representerte Kristiansand i Stortinget i 1836 og 1837.
Moe kom med i den haugianske rørsla og fekk opplæring i handel. I 1815 vart han gift med enkja etter Hans Thoresen Bakkerud, den einaste boktrykkaren i Kristiansand. I tillegg til trykkeripriviliegiet tok over føremannen si handelsverksemd, adressekontor og bladet Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger. 1816 sette han i gong eit tobakkspinneri. Denne verksemda vart seinare kjent som «Rose Tobakk AS». Moe selde trykkeriet i 1838. To år seinare kjøpte han eit skipsverft på grannetomta ved der han dreiv varehandel. Året 1842 starta han også eit reiarlag. Etter sonen Peter Moe kom med som partnar i 1854, dreiv firma O. P. Moe & Søn også med trelasthandel i Kristiansand og vidare.
Moe var varamann til tre storting, før han hausten 1835 vart kåra til stortingsmann frå Kristiansand. Med 4 røyster fekk han den tredje og siste stortingsplassen frå valkrinsen. Han møtte 1836 i Stortinget og 1836-37 i Omframtstortinget. Moe var der medlem i Næringskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansand Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Haugianarar Kategori:Folk frå Røros Kategori:Folk frå Kristiansand