Kristian Lian () var ein norsk heradsagronom, ordførar i Engerdal og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Lian var fødd i Benson County i Nord-Dakota i USA av foreldre utvandra frå Rissa i Trøndelag. Sjølv var han 1915-16 elev ved Skjetlein landbruksskole i Leinstrand, og 1917-18 ved Statens Småbrukslærerskole i Asker. Han arbeidde ei tid i gruvene i Røros og ved Statens elektrisitetsverk sitt anlegg i Hasselvika. Etter dette agronom, var frå 1922 tilsett heradsagronom i Engerdal i Hedmark.
Lian var 1922-28 formann i jordstyret i Engerdal. Frå 1926 var han medlem i Engerdal heradsstyre, ordførar 1929 til han døydde. Hausten 1930 vart Lian vald inn i Stortinget som 7. representant frå valkrinsen Hedmark fylke. På Tinget var han medlem i Landbrukskomiteen. Hausten 1931 vart han alvorleg sjuk av blindtarmbetennelse, døydde på Elverum sjukehus, 36 år gammal.
Lian er gravlagt ved Hasselvika kyrkje i Rissa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristian Lian» frå , den 17. juli 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Folk frå Rissa