Ivar Engebretsen Tufte () var ein norsk postopnar, gardbrukar og politikar frå Hol i Buskerud, busett i Flå kommune. Han var stortingsrepresentant 1931-33 frå Buskerud.

Tufte var 1900-17 styrar av Flå Spareforretning og 1901-45 postopnar i Flå. 1914 kjøpte han eit gardsbruk sentralt i Flå og dreiv dette jamsides. I 1920 gjorde han opptakta til Flå Sparebank og var kasserar i banken til 1944. Han var forlikskommissær 1912-40 og formann i Flå provianteringsråd 1915-21.

Tufte var medlem i heradsstyret 1910-31, ordførar i ni år, 1920-28. Han var heradsstyremedlem på ny 1934-40. Valbolken 1931-33 representerte han Buskerud og partiet Høgre i Stortinget, og var medlem i Landbrukskomiteen. I 1945 møtte han i Stortinget som varamann.

Tufte var 1932-46 formann i Postopnernes Landsforbund og 1934-49 styreformann i Flå Kraftforsyning. I 1952 vart han tildelt Kongens fortenstemedalje i sølv. Tufte var ein «meget lun og omgjengelig mann».

Kjelder

Drammens Tidende og Buskeruds blad, tirsdag 3. april 1962

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Folk frå Hol Kategori:Folk frå Flå Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet