Balmoral Castle er eit slott i Royal Deeside i Aberdeenshire i Skottland. Eigedommen slottet ligg på blei kjøpt av prins Albert, ektemannen til dronning Viktoria, og har blitt til ein favoritt blant sommarresidensane til kongefamilien. Slottet ligg i nærleiken av landsbyen Crathie, 14 km vest for Ballater og 80 km vest for Aberdeen.Hallemann, Caroline (11. september 2022): «Inside the Royals' Favorite Scottish Getaway, Balmoral Castle», Town & Country

Godset og det opphavlege slottet der tilhøyrde Farquharson-familien då det blei kjøpt i 1852 av prins Albert.«Clan Farquharson Castles», Stiabhanmor Kort tid etterpå blei huset funne å vera for lite, og det noverande Balmoral Castle blei teke i bruk. Arkitekten var William Smith frå Aberdeen, men designet hans blei endra av prins Albert. Slottet er eit døme på skotsk arkitektonisk baronistil,«Scottish Baronial Style Architecture» , Essential Architecture og er klassifisert av Historic Environment Scotland som ein verneverdig bygning i kategori A.Historic Environment Scotland: «Balmoral Castle With Parterre and Terrace Walls (Category A Listed Building) (LB51460)» Det nye slottet stod ferdig i 1856 og det gamle slottet blei rive kort tid etter.

Balmoral er framleis den private eigedommen til monarken, og er ikkje ein del av eigedommen til krona. Det var sommarresidensen til dronning Elizabeth II, som døydde på Balmoral den 8. september 2022.«Queen Elizabeth II has died», BBC News. 8. september 2022

Eigedommen Balmoral er blitt utvida av etterfølgjande medlemmer av kongefamilien ved oppkjøp av tilgrensande landområde, og han dekkjer no eit område på omtrent 50 000 dekar (20 000 hektar). Det er ein funksjonell eigedom, inkludert myrar med skoghøns, skogbruk og jordbruksland, og dessutan forvalta flokkar med hjort, skotsk høglandsfe, sauer og ponniar. Det er rundt femti heiltidstilsette og opp mot 50 til 100 deltidstilsette i aktiv gardsdrift og forvaltning av godset.«Balmoral Castle», Gazetteer for Scotland

Ordsoge Namnet «Balmoral» blei fyrste gong nedskrive som «Bouchmorale» i 1451.Watson, Adam (1984): The place names of Upper Deeside. Aberdeen University Press. s. 18. Det fyrste elementet i namnet reknar ein med å vera gælisk, med tydinga «ei hytte», men den andre delen er usikker.Mills, A. David, red. (2011): A Dictionary of British Place Names. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0191078941. I The Place Names of Upper Deeside (2011) blir det hevda at den andre delen kan bety «stor plass (på bakken)». Watson, Adam (1984): The place names of Upper Deeside. Aberdeen University Press. s. 18. Alexander Macbain antyda at dette opphavleg var den piktiske *mor-ial, «stor lysning» (jf. walisisk mawr-ial).MacBain, Alexander (1922): Place names Highlands & Islands of Scotland. E. Mackay. s. 156. Alternativt kan den andre delen vera eit helgennamn.Mac an Tàilleir, Iain (2003): «Ainmean-Àite/Placenames» (PDF). Scottish Parliament. s. 15.

Tidleg historie Balmoral blei bygga ut som ein heim for William Drummond i 1390. Eigedommen hadde tidlegare tilhøyrt kong Robert II, som hadde ei jakthytte der. Etter at Drummond døydde blei eigedommen seld til Alexander Gordon, 3. jarl av Huntly. Ho var deretter i eiget til Gordan-slekta fram til 1662, då han blei kjøpt av Farquaharson-slekta frå Invery, som så selde han til James Duff, 2. jarl Fife i 1798. I 1822 gjekk delar av seremonien rundt kroninga av Georg IV føre seg der.

Kongeleg residens mini|Balmoral Castle, måleri av dronning Victoria i 1854 under oppføringa. Balmoral var den primære sommarresidensen til Elizabeth II og Philip, hertug av Edinburgh. Historia som kongeleg residens går tilbake til 1848, då prins Albert og dronning Victoria leigde det. Dei likte seg svært godt på staden, og kjøpte eigedommen for litt over 30 000 pund i 1852. Prins Albert byrja straks å legga planar for utvidingar, som William Smith designa. Byggjeprosessen var ferdig i 1856, og Balmoral var då ein funksjonell herregard med rundt hundre bygningar i tillegg til slottet.

Ettersom Balmoral, til liks med nokre andre kongelege residensar, er privat eigedom blei det problem i 1936 då Edvard VIII abdiserte. Han ville ikkje gje frå seg dei private eigedommane sine som han hadde arva, og Georg VI måtte kjøpa Balmoral for å kunna halda på slottet som sommarresidens for monarken.

Då prinsesse Diana døydde i 1997 var dronninga på Balmoral. Avgjerda hennar om å ikkje reisa til London straks etter dødsfallet blei sterkt kritisert i media.

Dronning Elizabeth II døydde på Balmoral Castle den 8. september 2022, etter 70 år som britisk monark. Dei to eldste barna var ved sida hennar då ho gjekk bort. Prins Edward og prins Andrew kom til Balmoral kort tid etter at ho døydde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Balmoral Castle» frå , den 18. juli 2025.

Litteratur

Millar, Delia (1985): Queen Victoria's Life in the Scottish Highlands: Depicted by Her Watercolour Artists. London: Philip Wilson. ISBN 0-85667-194-0.

Kategori:Slott i Skottland Kategori:3°V Kategori:57°N