Henry Emil Fearnley () var ein norsk skulemann, prest og stortingsmann, fødd i Fredrikshald.
Far til Fearnley var kjøpmann. Sjølv studerte han til cand.theol. i 1839. Lærar ved Møller institutt i Christiania frå 1837. Med offentleg stipend reiste han i 1839 til Danmark og gjorde seg kjend med realskulen. Vel heime oppretta han ein realskule i den norske hovudstaden, ein skule han styrte til 1847. Sidan klokkar ved garnisonsmeinigheita i Christiania til 1857, deretter kateket og fyrstelærar ved borgarskulen i Kragerø. Til sist sokneprest i Eidskog i Hedmark frå 1860 til han døydde.
Fearnley representerte Kragerø i Stortinget 1859-60, medlem i Protokoll- og trykkekomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Folketeljinga 1865
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Halden