Monique Bernice Rødahl () er ein newzealandsk-norsk symjar som representerte New Zealand til 1977 og Noreg 1978-80. Ho vart nordisk meister 1979 i begge ryggøvingane.

Rødahl deltok i Sommar-OL 1976 for New Zealand. Etter ho flytta til Noreg vann ho 17 gullmedaljar i norske meisterskap åra 1978–80. Under Nordisk meisterskap i symjing 1979 sumde ho inn til siger på 100 og 200 meter rygg, i tillegg til at ho sikra seg sølvmedaljen i begge medley-tevlingane. Ved den norske meisterskapen 1980 i Oslo sigra ho i ryggøvingane og på 400 meter medley. Ho sette nordisk rekord på 200 meter rygg, og vart løna med kongepokal. I Noreg var ho fyrst medlem i IL Norodd og sidan Idrettslaget Varg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monique Rødahl» frå , den 6. august 2025.

Kategori:Norske symjarar Kategori:Newzealandske symjarar