Ulf Gustavsen () er ein norsk tidlegare symjar frå Oslo, medlem i Oslo Idrettslag. Han vart i 1965 nordisk meister på 1500 meter fri og vart tildelt kongepokal i 1965 og 1966.
Gustavsen sumde inn til gullmedalje på 1500 meter fri ved den nordiske meisterskapen 1965 i finske Pori. Med tida 17.49,6 vart han den fyrste nordmann under 18 minutt på distansen. Frå 1965 til 1972 vann han 16 gullmedaljar i norske meisterskap på langbane; 8 i frisymjing, 5 i medley og 3 i 100 meter butterfly. Ved NM i kortbane sikra han seg 8 gullmedaljar i tida 1965-73. Under europameisterskapen 1970 i Barcelona vart han nummer 8 på 100 meter butterfly. Gustavsen sette nordisk rekord på 100 meter butterfly og 1500 meter fri, og han sette i alt 42 norske rekordar.
Kjelder
Arbeiderbladet 16. august 1965
Kategori:Norske symjarar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo