Bøkesigdveng (Watsonalla cultraria) er ein sumarfugl som høyrer til familien halvspinnarar (Drepanidae). Han er funnen nokre få gongar i Noreg dei siste åra.

Utsjånad Bøkesigdveng er ein temmeleg liten (vengjespenn 21–33 mm), spinkel, brungul sumarfugl. Forvengen er svakt sigdforma. Kroppen er ganske slank, antennene er fjørforma hjå hannen og trådforma hjå hoa, rundt halvparten så lange som forvengen. Denne er brungul, med eit breitt, mørkare tverrband rundt midten, dette er breiast ved framkanten og har gjerne ein liten, mørk flekk. Bakvengen er ljost brungul med eit, ofte ufullstendig, mørkare tverrband.

Levevis Denne arten er knytt til bøk (Fagus sylvatica) og finst i bøkeskogar og edellauvskogar med innslag av bøk. Den har to generasjonar kvar sumar, i mai–juni og i juli–august. Dei vaksne sumarfuglane flyg om natta.

Utbreiing Bøkesigdvingen finst berre i Europa. I Noreg vart han fyrste gongen registrert i 1989, han er seinare funnen nokre få stadar frå Rygge og Moss vestover til Grimstad. Vidare spreiing av denne arten i Noreg kan verta avgrensa av førekomsten av bøkeskog.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bøkesigdvinge» frå , den 18. august 2025. oppgav desse kjeldene:   Aarvik, Leif, Berggren, Kai, Hansen, Lars Ove. 2000. Norges Sommerfugler. Catalogus Lepidopterorum Norvegiae. Norsk entomologisk forening. 192 sider. ISBN 82-995095-1-3 Svenska Fjärilar Norges sommerfugler

Bakgrunnsstoff

Kategori:Insekt i Noreg Kategori:Insekt i Europa Kategori:Halvspinnarar