Nils Severin Olsen () var ein norsk sakførar og politikar, fødd i Kristiania.

Olsen var son til bøkker. Sjølv fekk han høve til studere jus, cand.jur. i 1881. Året etter slo han seg ned i Sarpsborg som overrettssakførar. Han engasjerte seg i politikk, medlem i bystyret frå 1886, ordførar 1891-1901. Elles formann i skulestyret. Olsen var styreleiar 1882-97 i brennevinssamlaget i byen og styreleiar 1884-99 i Sarpsborg og omegns privatbank. Seinare var han juridisk rådgjevar og revisor ved A/S Borregaard.

Olsen møtte i 1893 i Stortinget frå 27. juni som varamann frå Sarpsborg, medlem i Konstitusjonskomiteen. Valperioden 1898-1900 hadde han fast plass i stortinget, då medlem i Justiskomiteen. Han høyrde til Høgre-flokken.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Sarpsborg