Finn Meinich-Olsen () var ein norsk jurist, bankmann, stortingsrepresentant 1937-45 for Bergen og partiet Høgre. Politikaren Olaj Johan Olsen var far hans.

Meinich-Olsen var vernepliktig offiser i 1906 og cand.jur. i 1910. Deretter var han sekretær for stiftamtmannen i Bergen og frå 1913 fullmektig hos sorenskrivaren i Voss. 1915-21 sekretær for Bergens magistrat og 1921-25 depotsjef for Andresens Bank og Bergens Kreditbank. I 1925 tok han over som direktør i Bergens Sparebank, eit arbeid han skjøtta til 1959. Samstundes som forlet denne stillinga vart han utnemnd til riddar av St. Olav.

Meinich-Olsen representerte Høgre i Bergen bystyre 1925–37 og i Stortinget 1937-45. I stortinget var han medlem i Lagtinget og i Administrasjonskomiteen.

Kjelder Hvem er hvem, 1934 Stortinget: 1937-1939

Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Høgrepolitikarar i Hordaland Kategori:Norske juristar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Bergen