Det klangføre barke-gnikeljodet, stundom kalla den klangføre barke-yvergangen (latin fricativa glottidalis sonora, engelsk voiced glottal fricative) er eit medljod som finst i nokre talemål og ofte ter seg anten som gnikeljod eller næmeljod fonologiskt, men som oftast vantar dei vanlege fonetiske kjennteikni på eit medljod. Teiknet ein nyttar i det Internasjonale Fonetiske Alfabetet for detta ljodet er [ɦ], og det tilsvarande X-SAMPA-teiknet er h\. [ɦ] er sumtid skildra som eit klangført sjølvljod av di han i mange mål ikkje retteleg hev dei dragi ein ventar av eit medljod.
Kategori:Hn/Mål Kategori:Hn/Medljod