John Clarke () er ein britisk eksperimentalfysikar og professor emeritus ved . Han er kjend for arbeidet sitt med måleutstyr basert på superleiarar. Steven Girvin har kalla Clarke «gudfaren av superleiande elektronikk».
På 1980-talet leia Clarke eit forskingsteam som inkluderte John M. Martinis og Michel Devoret. Dei fekk Nobelprisen i fysikk i 2025 for oppdagingane sine innan makroskopiske kvantefenomen ved bruk av Josephson-effekten.
Utdanning og karriere John Clarke vart fødd 10. februar 1942 i Cambridge i England. Han gjekk på The Perse School før han tok til på naturvitskaplege studiar ved , Cambridge. Han fullførte ein bachelorgrad (B.A.) i fysikk i 1964, og studerte deretter til doktorgrad i fysikk ved Royal Society Mond Laboratory ved University of Cambridge.
I 1965 vart Clarke ein av dei første studentane ved det nystifta i Cambridge, og han var den første presidenten i studentforeininga ved Darwin College. Under doktorgradsarbeidet sitt – rettleia av Brian Pippard – utvikla Clarke eit svært sensitivt voltmeter, som han seinare kalla «SLUG» (Superconducting Low-inductance Undulatory Galvanometer). Han tok doktorgraden i 1968. Clarke har ved fleire høve sagt at arbeidet hans vart påverka av nobelprisvinnaren Brian Josephson, som føresåg Josephson-effekten i 1962 og òg var ein tidlegare student av Pippard.
Etter at han fullførte doktorgraden, fekk Clarke ein postdoktoral forskingsposisjon ved , og arbeidde der heile den akademiske karrieren sin – først som assisterande professor (1969), deretter som førsteamanuensis (1971), og til slutt som professor i fysikk (1973–2010).
Clarke heldt fram tilknytinga si til University of Cambridge etter at han flytta til USA. I 1972 vart han vald til fellow ved Christ’s College; i 1989 var han gjestefellow ved Clare Hall, Cambridge, og i 1998 vart han vald til by-fellow ved Churchill College, Cambridge. Clarke fekk ein doktorgrad i vitskap (D.Sc.) frå University of Cambridge i 2003. Han vart vald til æresfellow ved Christ’s College i 1997 og ved Darwin College i 2023.
Forsking Forskinga til Clarke er retta mot superleiiing og superleiande elektronikk, særleg utvikling og bruk av superleiande kvanteinterferensapparat (SQUID-ar), som er ultrasensitive detektorar av magnetisk fluks.
I 1985 demonstrerte Clarke, saman med doktorgradsstudenten sin John M. Martinis og postdoktoren Michel Devoret, den kvantemekaniske åtferda til ein Josephson-overgang. Dei viste at ved låg temperatur kunne ein makroskopisk elektronisk tilstand knytt til superleiarar gjennomgå kvantetunnelering ved null spenning. Same året viste eksperiment med mikrobølgjepulsar sendt gjennom systemet at resonansane hadde kvantiserte energinivå. Dette eksperimentet var det første beviset på circuit quantum electrodynamics (krinsbasert kvanteelektrodynamikk), som seinare vart grunnlaget for superleiande kvantedatamaskinar.
Clarke har òg arbeidd med bruk av SQUID-ar konfigurerte som kvantestøy-avgrensa forsterkarar i søket etter aksionen – ein hypotetisk partikkel og mogleg komponent i mørk materie.
Prisar og utmerkingar Clarke fekk eit Alfred P. Sloan-stipend i 1970 og eit Guggenheim-stipend i 1977. Han vart vald til Fellow of the Royal Society i 1986. I 1998 fekk han Joseph F. Keithley-prisen for framsteg innan målevitskap, og året etter fekk han Comstock-prisen i fysikk. Han har òg motteke Hughes-medaljen og Olli V. Lounasmaa-minneprisen i 2004. Clarke vart vald til utanlandsk medlem av National Academy of Sciences i mai 2012, og medlem av American Philosophical Society i 2017.
I 2021 vart Micius Quantum Prize tildelt Clarke, Michel Devoret og .
I 2025 fekk Clarke, Michel Devoret og John M. Martinis saman Nobelprisen i fysikk «for oppdaginga av makroskopisk kvantemekanisk tunnelering og energikvantisering i ein elektrisk krins».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Clarke (physicist)» frå , den 22. oktober 2025.
Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Britiske professorar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk