Catriona Ann Le May Doan () er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar frå Saskatoon i Saskatchewan. Ho vart verdsmeister i sprint-firkamp 1998 og 2002 og olympisk meister på 500 meter dei same to åra.

Aktiv Le May tevla internasjonalt frå 1994 til 2003. Ho slo gjennom i 1996 då ho vann ein 500 meter ved sprint-verdsmeisterskapen. Vinteren 1998 sigra ho på suverent vis ved Skeise-VM 1998 i sprint-firkamp. Under dei olympiske leikane i Nagano tre-fire veker seinare vann ho gullmedaljen på 500 meter og bronsemedaljen på 1000 m. Året etter var ho nær ved å forsvare meistertittelen ved sprint-VM, men kom 0,07 sekund for seint i mål på den avsluttande 1000-meteren. Ved verdsmeisterskapen 2001 i sprint enda ho tredjeplassen, etter å ha vunne dei to 500-meterane. OL-sesongen 2002 vart ho verdsmeister i sprint for andre gongen ved meisterskapen på Hamar. Den 17. februar vann på ny gullmedaljen på 500 meter då Vinter-OL 2002 vart avvikla i Salt Lake City.

22. november 1997 sette Le May i Calgary ny verdsrekord på 500 meter med tida 37,90 sekund. Fem veker etter flytta ho rekorden ned til 37,71, og dagen etter til 37,55. 6. januar 2001 forbetra ho verdsrekorden til 37,40 og den 28. desember same året til 37,22. Alle rekordane vart oppnådd i Calgary. Le May vann gullmedaljen på 500 meter i VM enkeltdistansar åra 1998, 1999 and 2001.

Ho var i eit par tiår gift med Brian Doan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Catriona Le May Doan» frå , den 16. november 2025.

Kategori:Canadiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Folk frå Saskatoon