«Strobe Lights» er ein technolåt framført av den belgiske songaren Red Sebastian. Han blei skriven av Red Sebastian, Astrid Roelants, Billie Bentein og Willem Vanderstichele (Hush), med produksjon av sistenemnde. Songen var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Songen nådde ein niandeplass på den belgiske singellista.
Bakgrunn og komposisjon «Strobe Lights» blei skiven av Red Sebastian, Astrid Roelants, Billie Bentein og Willem Vanderstichele (Hush), der sistnemnde også produserte songen. I eit intervju med det nettbaserte mediet L’Eurovision Au Quotidien skildra Red Sebastian songen som ei morosam og blinkande natt ute. Eva Frantz frå finske YLE skildra «Strobe Lights» som ein «suggererande og mørk danselåt».
Eurovision Song Contest 2025 Eurosong 2025 Den 13. januar 2025 kunngjorde VRT at dei hadde vald «Strobe Lights», framført av Red Sebastian, som eit av bidraga til å delta i Eurosong 2025 – den nasjonale finalen dei organiserte for å velje sitt bidrag til Eurovision Song Contest 2025. Songen vann Eurosong 2025 den 1. februar 2025, då han fekk fyrsteplass hos både jury- og publikumsavrøystinga, med totalt 432 poeng. Dermed blei songen det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Belgia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. I semifinalen enda Belgia på 14. plass og gjekk dermed ikkje vidare til finalen.
Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 88
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Strobe Lights» frå , den 2. desember 2025.
Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025