Myristica argentea er eit tre som veks i urørt regnskog på Ny-Guinea, særleg i skog i Fakfak og Kaimana og øyane rundt desse områda aus i Indonesia, som Aruøyane. Arten kan vera ei kjelde til muskat.
Arten dannar eit eviggrønt tre som typisk blir 5–20 meter høgt. Det finst døme på tre som har blitt over 40 meter høge.
Frukta på treet blir brukt til mat, krydder og medisin. Fruktkjøtet blir nytta til syltetøy og frøet kan malast til eit krydder tilsvarande muskat. Ein kan hausta inn frukt frå ville tre eller dyrka dei.
Treet kan òg nyttast som grunnstamme til poda muskatnøttre, ettersom det er motstandsdyktig mot ein rotsjukdom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Myristica argentea» frå , den 15. desember 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Muskatnøttfamilien