Edvard Hieronymus Bassøe Wattne () var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Mandal. Han representerte 1865-66 Lister og Mandals amt i Stortinget.
Wattne var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han cand.jur. i 1846 og arbeidde i 1847 ved sorenskrivarkontoret i heimbyen. Sakførar 1847-48 i Flekkefjord, perioden 1848-52 atter tilsett ved sorenskrivarkontoret i Mandal. 1852-55 arbeidde han på sorenskrivarkontoret i Setesdal. Frå 1855 var underrettssakførar i Mandal, busett på garden Kalvhaug i Halse.
Wattne var 1859-64 medlem i Mandal bystyre. 1865-66 møtte han i Stortinget, der han hadde sete i Protokollkomiteen. Frå 1871 var han styreformann i den lokale sparebanken til han døydde.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Folk frå Mandal