Stephen Henry Thomas () var ein britisk-norsk verksstyrar og gardbrukar fødd i Cornwall, død i Kristiania. Han blei stortingsmann i 1857, som den fyrste utanlandske statsborgaren til å bli vald inn på Stortinget.

Thomas var son til ein bergingeniør og kom i 1836 til koparverket i Alta som overstigar. 1840-44 styrte han Averøy verk på Nordmøre. Frå 1845 styrte han koparverket i Alta, dreiv elles gard. Han arbeidde for å betre skulestellet og for å lære kvenane norsk språk. Såleis let han dele ut biblar og nytestament i «stor maalestok». Ved stortingsvalet 1856 vart han vald til 3. representant frå Finnmarkens amt. Han møtte i 1857 i Stortinget, medlem i Næringskomite nr 1. I juli månad fekk han permisjon frå Tinget, reiste då til Chile for å styre eit bergverk eigd av engelskmenn. Etter fem år i Sør-Amerika vende han tilbake til Noreg med «nedbrudt helbred».

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Alta Kategori:Norske bergmenn