Tanpura (eller tambura) er ein firestrenga indisk «lutt» utan band på gripebrettet. Han blir nytta til ulike former for indisk musikk. Ein tanpura kan minna om ein forenkla sitar eller eit anna lutt-aktig instrument, og har sameleis resonanskasse laga av eit graskar.

Ein tanpura blir ikkje nytta til å spela ein melodi, men for å støtta opp om framføringa til ein annan musikar eller songar, eller som akkompgnement til ei danseframsyning.

Instrumentet er stemd etter indisk musikkteori i tonane Pa-S0a-S0a-Sa (dvs G-C1-C1-C) eller Ma-S0a-S0a-Sa (F-C1-C1-C) (Sa svarer til C i europeisk musikk). Merk at tonehøgda i indisk musikk ikkje er absolutt, ho oppgjev forholdet til grunntonen.

Dei to midtre strengane er stemde i same tone, grunntonen, og bidrar til den svevande tonen, og kvartar/kvintar aukar talet på overtonar. Strengane blir anslått med peikefingeren og langfingeren med eit spesielt rytmemønster som gjev ein «uendeleg» tone.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tanpura» frå og «Tanpura» frå , den 21. desember 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Indiske musikkinstrument