«Volevo essere un duro» (norsk omsetjing ‘Eg ville vere ein tøffing’) er ein song frå 2025 av den italienske singer-songwriteren Lucio Corsi, skriven i samarbeid med Tommaso Ottomano og produsert av Corsi, Ottomano og Antonio Cupertino. Han blei gjeven ut av Sugar Music 12. februar 2025 som den andre singelen frå albumet med same namn.

«Volevo essere un duro» deltok i Sanremo-festivalen 2025, der han enda på andreplass og blei tildelt Kritikarprisen. Han blei seinare vald som det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2025, etter at vinneran av Sanremo-festivalen, , takka nei til å representere landet i konkurransen.

Komposisjon «Volevo essere un duro» blei skriven av Corsi i samarbeid med Tommaso Ottomano, som også produserte han saman med Antonio Cupertino. Songen framstår som ein refleksjon over personlege og samfunnsmessige forventningar knytta til sjølvbilete og mobbing i barndommen. I eit intervju i forbindelse med Sanremo-festivalen 2025 skildra Corsi bodskapen i songen slik:

«Han handlar om ideen om at denne verda ønsker at vi skal vere feilfrie, solide som steinar og perfekte som blomar, utan å fortelje oss at blomar heng i ein tynn tråd. Og så handlar han også om det faktum at det ofte er lett å ikkje bli det ein drøymde om. Svært få kan seia at dei har blitt det dei drøymde om som barn, eller det samfunnet forventar at vi skal vere. Kanskje er det nokon gongar ikkje eingong den riktige vegen. Vi hender å drøyme om ting som, til sjuande og sist, ikkje nødvendigvis er betre enn det vi er. Viss songen min var eit bilete, ville det vore eit av dei trea ein klatrar i som barn – eller ein sprettert.»

Mottaking «Volevo essere un duro» fekk god mottaking frå italienske musikkritikarar.

Andrea Laffranchi i Corriere della Sera skreiv at songen har «varleiken til Ivan Graziani og sjølvtryggleiken til glam rocken», og kobla narrativet til teksten til eit eventyr. Gianni Sibilla frå Rockol uttala at songen «i botn og grunn er ein ballade, men med eit arrangement med strykarar og gitarar som gjev ei 70-talskjensle – nesten i Elton John-stil», og at teksten «leikar med stereotypiar om machismo».

Alvise Salerno frå All Music Italia skreiv at sjølv om songen ikkje fullt ut representerer låtskrivarstilen til Corsi, opnar han seg for eit breiare publikum takka vere si «melodiske enkelheit og både vokal og tekstleg direkteheit». Filippo Ferrari i Rolling Stone Italia meinte at songen er blant dei beste produksjonane til Corsi, og fann teksten «full av bilete som får ein til å tenke på livet og kor kaotisk det er å bli vaksen».

Musikkvideo Musikkvideoen til «Volevo essere un duro», regissert av Tommaso Ottomano, blei lansert 12. februar 2025 på YouTube-kanalen til Corsi. Videoen har med skodespelarane Massimo Ceccherini, Leonardo Pieraccioni, Laura Locatelli, Alvise Cimarosti og Mariia Zhizhkun. Han inneheld mange referansar til andre verk, inkludert musikkvideoane til «Black or White» av Michael Jackson og «Walk This Way» av Aerosmith med Run-DMC, i tillegg til filmane , og , der opningsscena hentar inspirasjon frå songen «» av gruppa med same namn.

I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits og bestod av to semifinalar 13. og 15. mai, med finalen 17. mai 2025. Som ein del av «dei fem store landa» var Italia direktekvalifisert til finalen. Likevel vart songen framført i den andre semifinalen, i ein ikkje-konkurrerande posisjon mellom Red Sebastian frå Belgia og Mamagama frå Aserbajdsjan.

Lucio Corsi framførte den same versjonen av nummeret sitt i finalen 17. mai. Songen vart framført som nummer 14, før frå Polen og etter frå Finland. Låten enda på femteplass totalt, etter 159 poeng frå juryen og 97 poeng frå sjåarane.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Kroatia International Airplay (Top lista) 87 Hellas Internatsjonal (IFPI) 20 Island (Tónlistinn) 16 Italia (FIMI) 3 Italia Airplay (EarOne) 6 Latvia (LaIPA) 10 Litauen (AGATA) 3 Noreg (VG-lista) 61 Sverige (Sverigetopplistan) 30 UK Singles Sales (OCC) 47

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Volevo essere un duro» frå , den 6. november 2025.

Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar