Carl Nicolai Stoud Platou () var ein norsk jurist og politikar som var borgarmeister (rådmann) i både Kristiansand og Bergen.
Platou vart cand.jur. i 1832 og fekk året etter jobb som kopist i Justisdepartementet. Frå 1839 til 1844 var han fullmektig i same departementet. 1844-46 var han brigadeauditør ved Kristiansandske Brigade. Sidan var i sju år assessor ved stiftsoverretten i Bergen. Oktober 1853 flytta han tilbake i Kristiansand og var der borgarmeister til 1860, ein periode då bystyret oppretta eit gassverk i 1857 og eit vassverk i 1859. Frå 1860 til han døydde hadde han same stillinga i Bergen. Dette var i ei tid der det vart oppretta brannkorps i 1863, branntelegraf i 1868 og dampsjøsprøyte i 1873. I 1874 opna byen den fyrste dampskipskaia og seinare kom eit modernisert reinhaldsverk i stand.
Platou var 1850-53 og frå 1860 styemedlem i Bergens Museum. 1857 møtte han i Stortinget som 1. representant frå valkrinsen Kristiansand, medlem i Bankkomiteen. Deltok også i omframtstortinget 1858.
«I borgermester Platou har vor By tabt en udmærket Embedmand. Ved siden af grundige juridiske Kundskaber besad han han en omfattende Almendannelse og forenede hermed en levende Interesse for alle Fremskridt, det være sig paa den aandelige eller det materielle Omraade, fremfor Alt hvad der kunde tjene til at fremme denne Kommunes Vel og det hvad enten Sagerne paakaldte de offentlige Myndigheders Medvirkning eller de væsentlig beroede paa den private Foretagelsesaand.»Bergens Aftenblad 12. september 1888
Platou vart tildelt St. Olavs Orden i 1885.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske juristar