Sivert Guttorm Bakken () var ein norsk skiskyttar frå Lillehammer. Han vann eitt renn i verdscupen i skiskyting 2022 og sikra seg samstundes prisen som beste utøvar i fellesstart-renn i 2022-sesongen. Bakken, som var medlem i Vingrom Idrettslag, vart funnen død på hotellromet sitt i Val di Fiemme, to dagar etter han deltok i si siste tevling i verdscupen i skiskyting.
Skiskyting Bakken fekk sin debut i verdscupen i Östersund i byrjinga av desember 2021. Med ein fjerdeplass og ein sjetteplass i dei individuelle tevlingane, fekk han plass i stafettlaget som gjekk inn til siger på 4 x 7,5 km. Dei andre på laget var Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen. Tre månader seinare, den 4. mars 2022, gjekk Bakken på ny ein etappe for eit norsk mannskap som sigra i ein verdscupstafett. I finske Kontiolahti fekk Bakken fylgje av Filip Fjeld Andersen, Sturla Lægreid og nemnde Christiansen. Ei veke etter utgjorde Bakken og Christiansen den mannlege delen på eit norsk lag som vann mix-stafetten i verdscupen i Otepää, kvinnedelen bestod av Tiril Eckhoff og Ingrid Tandrevold. 20. mars 2022 skaut Bakken feilfritt på fellesstarten i Oslo, og viste ryggen til alle konkurrentane i verdscuprennet.
Sjukdom gjorde at Bakken ikkje deltok i idrettssesongane 2023 og 2024. I desember 2025 tevla han i verdscuprenna i Östersund og i franske Le Grand Bonnard, der ein femteplass var hans fremste prestasjon. Sundag 21. desember deltok han i fellesstarten i Le Grand Bonnard, reiste så til Val di Fiemme for å trene. Tysdagsmorgonen vart han funnen død i senga si på hotell.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sivert Guttorm Bakken» frå , den 24. desember 2025.
IBU-profil
Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Folk frå Lillehammer