Tanita Tikaram () er ein britisk singer/songwriter.
Tikaram blei fødd i Münster i dåverande Vest-Tyskland med ei mor frå Malaysia og ein far frå Fiji med indisk bakgrunn, som var offiser i den britiske hæren. Familien flytta seinare til Basingstoke i England. Ho er syster av skodespelaren Ramon Tikaram.
Musikken hennar er mest basert på akustisk gitar og korte songar. Debutalbumet hennar Ancient Heart frå 1988 inneheld låten «Twist in my Sobriety», som blei ein stor hit og blei følgd av ein verdsturne. Ho spelte i Noreg i 1989, m.a. på Moster Amfi. Til låten blei det laga ein prisløna svartkvit musikkvideo, innspelt på landsbygda i Sør-Amerika med regi av Gerard de Thame. Det neste albumet til Tikaram hadde ikkje same salssuksess som debutalbumet. Etter nokre år vekke frå frå musikkscenen gav ho i 2005 ut albumet Sentimental, der òg Nick Lowe medverka med song på eit par låtar.
Diskografi
1988: Ancient Heart 1990: The Sweet Keeper 1991: Everybody's Angel 1992: Eleven Kinds of Loneliness 1995: Lovers in the City 1998: The Cappuccino Songs 2005: Sentimental 2012: Can't Go Back 2016: Closer to the People 2019: To Drink the Rainbow (An Anthology 1988–2019) 2025: LIAR (Love Isn't A Right)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tanita Tikaram» frå , den 31. desember 2025.
Kategori:Folk frå Münster Kategori:Engelske songarar