Sjoukje Rosalinde Dijkstra () var ein nederlandsk kunstløpar frå Akkrum i Friesland som vart olympisk meister 1964, trefaldig verdsmeister og fem gongar europameister i kunstløp.

Aktiv Far hennar deltok i kunstløp under Vinter-OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen. Sjølv byrja ho med kunstløp då ho var seks år gammal. Som tolvåring deltok ho i sitt fyrste europameisterskap. I 1959 vart ho nederlandsk meister for fyrste gong, noko ho også vart dei neste fem sesongane. Vinteren 1959 kom ho på sølvplassen ved europameisterskape i Davos, bak Hanna Walter frå Austerrike, og under verdnsmeisterskapen i Colorado Springs vann hun bronsemedaljen bak Carol Heiss frå USA og nemnde og Walter. Eitt år seinare vart Dijkstra europameister i Garmisch-Partenkirchen framom Regine Heitzer frå Austerrike. Det var Nederlands fyrste europameistertittel i kunstløp. Under verdsmeisterskapen 1960 i Vancouver fekk Dijkstra sølv, Carol Heiss tok gull. Ved dei olympiske vinterleikane i Squaw Valley vart resultatet det same: gull til Heiss og sølv til Dijkstra. I 1961 forsvarte Dijkstra meistertittelen i ved EM i Berlin. Ho var stor favoritt før verdsmeisterskapen, eit meisterskap som vart avlyst etter heile den USA-amerikanske troppa omkom då eit rutefly styrta ved Brussel.

Vinteren 1962 vart Dijkstra suveren europameister i Geneve, og like suveren verdsmeister i Praha. Også i 1963-sesongen dominerte ho kunstløp på kvinnesida, med EM-gull i Budapest og VM-gull i Cortina d'Ampezzo. Året 1964 markerte den triumfrike slutten på hennar karriere. Fyrst vart i Grenoble europameister for femte gong, deretter tok ho i Dortmund sin tredje verdsmeistertittel i rad i Dortmund. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Dijkstra samrøystes kåra til olympisk meister. I alle desse tre tevlingane måtte Regine Heitzer nøye seg med andreplass.

Dijkstras største styrke var dei obligatoriske øvingane. Men ho var og ein atletisk og sterk fristilløpar som beherska dobbelt axel-hopp og piruett-hopp av høg vanskegrad. Fram til 1972 var ho profesjonell og turnerte med Holiday On Ice.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sjoukje Dijkstra» frå , den 2. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske kunstløparar Kategori:Verdsmeistrar i kunstløp Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske medaljevinnarar i kunstløp Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1964