José Luis Cuciuffo () var ein argentinsk fotballspelar som vart verdsmeister med Argentina i Fotball-VM 1986. Han var høgreback.

Karriere Klubbspel Cuciuffo var CA Huracán-spelar i heimbyen Córdoba til han var 19 år. 1981-82 var han aktiv for CA Talleres, i dei dagar den beste klubben i Córdoba. I 1982 flytta han til Buenos Aires for å spele for CA Vélez Sarsfield. Han spelte for Vélez i seks år sesongar. I 1987 slutta han seg til Boca Juniors, der han spelte til 1990. I 1990 reiste han til Europa og franske Olympique Nîmes. Etter laget rykka ned frå 1. divisjon i 1993, forlet Cuciuffo klubben og fór tilbake til Argentina, der han la fotballskoa på hylla seks månader seinare.

Landslagsspel Perioden 1986-89 spelte Cuciuffo 8-åtte- landskampar for Argentina. Utan å ha spelt ein einaste landskamp, tok landslagssjefen Carlos Bilardo han med i troppa til Fotball-VM 1986 i Mexico. I turneringa deltok Cuciuffo i alle kampane, unnateke ein gruppespel-kamp. Han var på bana då Argentina og Diego Maradona slo England gjennom Guds hand og hundreårets mål i den legendariske kvartfinalen i Mexico-byen, og då laget vart verdsmeister ved å slå Tyskland 3-2 i finalen.

Cuciuffo døydde etter ei jaktulykke ved landsbyen Bahía San Blas, ei 700 kilometer sør for Buenos Aires.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «José Luis Cuciuffo» frå , den 13. januar 2026.

Kategori:Argentinske fotballspelarar